Universitet: Bachelorprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap
Universitet i BergenAdministrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studium av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus blir retta særleg mot utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk: korleis innhaldet i og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har for verdifordelinga i samfunnet. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvalting og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. I forhold til andre samfunnsvitskaplege fag er vi såleis meir opptekne av den politiske organiseringa og styringsformene i samfunnet. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei vert utvikla og endra, og kva for verknader dette har.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap skal omfatte minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor administrasjon og organisasjonsvitskap, og 60 studiepoeng med valfrie emne.
Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Vi rår deg derfor til å studere emna innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar i tillegg til ex.phil.
Emna i det andre og tredje semesteret skal gi deg ei innføring i sentrale idear og kunnskapsområde i faget, og bidra til å gi deg betre forståing for ein vitskapleg arbeidsmåte. Emna skal samstundes gi ei innføring i dei elementære metodane for slikt arbeid. Innføringa skal hjelpe deg til å utvikle ei kritisk og utprøvande haldning til forskingsresultat. Det er også eit mål å setje deg i stand til å formidle og bruke tenkjemåten og innhaldet i faget i ulike yrkessamanhengar. Med dette skal det utviklast ei forståing for faget sin plass i ein større samfunnsvitskapleg samanheng.
I fjerde, femte og sjette semester, tek emna sikte på å vidareutvikle evnene dine til å gjere sjølvstendige analyser av organisasjonar, av offentleg politikk og av komplekse sett av organisasjonar og politikkfelt. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.
Dei siste 60 studiepoenga av bachelorprogrammet er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så sant desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.
Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap vil da sjå slik ut:
SemesterEmnenamnEmnekodeSp1. semesterEx.phil.
Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap
Samfunnsvitskaplege tenkjemåtarEXPHIL
AORG 100
SV 10010
10
102. semesterPolitisk teori og styringsformer
Organisasjonsteori eller
Stat og forvaltning i utviklingslandAORG 104*
AORG 101*
AORG 10515
153. semesterSamfunnsvitskapleg metode
Politikk og forvaltning eller
OrganisasjonsteoriMET 102*
AORG 103
AORG 10115
154., 5. og 6. semester Bacheloroppgåva
Politisk styring og organisering eller
Organisasjonsteori
Valfrie emneAORG 250*
AORG 209
AORG 21030
15
45TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)
* Emna er obligatoriske i graden
sp = studiepoeng
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap opnar opp for dette gjennom samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar slik at utanlandsopphald kan bli ein integrert del av bachelorgraden.Yrkesvegar
Gjennomføring av bachelorprogrammet kvalifiserer for arbeid i offentleg sektor, f.eks. i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Rekrutteringa til privat sektor er også aukande. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket.Vidare studium
Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap. Masterprogrammet skal utvikle studentane si evne til sjølvstendig analyse av organisasjonar, politiske og administrative institusjonar, og den offentlege politikken som blir skapt innanfor slike rammer. Dette skjer først og fremst gjennom arbeid med ei masteroppgåve, som er ei større vitskapleg avhandling, men også gjennom deltaking på ulike kurs og seminar.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 studiepoeng
Bachelorprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!