Universitet: Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av følgjande fag:

  • Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi.
  • Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode og tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar.
  • Personalpsykologi fokuserer på individet i organisasjonen. Fokuset er retta mot både individet sine føresetnader for å gå inn i rolla som arbeidstakar og organisasjonen sine føresetnader for å handtere og utvikle den enkelte. Temaet karriereutvikling i og på tvers av organisasjonar blir presentert.
  • Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiing og utvikling av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling.
  • Arbeidspsykologi fokuserer på det yrkesaktive individet si oppleving av arbeidsmiljøet og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Mellom temaa som blir drøfta er psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle forskjellar, sosial støtte, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet.
  • Leiingspsykologi gir ei skolering i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Blant anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing og kva innverknad situasjonsfaktorar har på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri viser ein kva innverknad leiing har på produktiviteten i organisasjonar og på trivselen blant dei tilsette.
  • Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve basert på fagleg fordjuping og empirisk arbeid.
  • Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, rettsvitskap, økonomi og humaniora.

Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp.

 

1. semester:

Examen philosophicum

Examen facultatum, psykologi

Innføring i psykologi

 

2. semester:

Personalpsykologi

Forskingsmetodar

 

3. semester:

Organisasjonspsykologi

Arbeidspsykologi

 

4. semester:

Valfrie emne

 

5. semester:

Valfrie emne

 

6. semester:

Leiingspsykologi

Bacheloroppgåve

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.

Yrkesvegar

Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som f.eks. leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar.

Kandidatar med eksamen i arbeids- og organisasjonspsykologi arbeider innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.



Studiepoeng


180 studiepoeng





Be om gratis info
Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere