Psykologi
Psykologikurs
Arbeids- og organisasjonspsykologi
Hordaland
Du har valgt: Bergen
Nullstill
Filter
Ferdig

-

2 treff ( i Bergen ) i Arbeids- og organisasjonspsykologi

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Bergen 2 år 0 kr
På forespørsel
Studiet har som mål å gi deg evidensbaserte kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng.... [+]
  Studiet har som mål å gi deg evidensbaserte kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Studiet er konsentrert om følgjande tema: organisasjonar og grupper si oppbygging og verkemåtar, med vekt på endring, individuelle føresetnader for å arbeide i organisasjonar og grupper, rolla som endringsagent, forskingsdesign og -metodar måleverktøy og arbeidsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling, etiske problemstillingar og dilemma. Oppbygging av studiet Studiet består av ein teoretisk del (30 studiepoeng), ein praktisk del (30 studiepoeng), forskingsmetode (15 studiepoeng) og masteroppgåva (45 studiepoeng). Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut: 1. semester: Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv (15 sp) Tradisjonar i arbeidslivsforskinga (AHS311) (15 sp) 2. semester: Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar og teamutvikling (10 sp) Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling (10 sp) Rolla som endringsagent i praksis: Prosjektarbeid i organisasjonar (10 sp) 3. semester: Forskingsmetode (15 sp) 3. og 4. semester: Masteroppgåve (45 sp) Masteroppgåve Oppgåva utgjer 45 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar). Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Yrkesvegar Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan arbeide innan personal- og organisasjonsutvikling både i privat og offentleg sektor og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. [-]
Les mer
Bergen 3 år 0 kr
På forespørsel
Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi fører fram til graden bachelor i kultur- og samfunnsvitskap. [+]
  Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av følgjande fag: Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi. Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode og tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar. Personalpsykologi fokuserer på individet i organisasjonen. Fokuset er retta mot både individet sine føresetnader for å gå inn i rolla som arbeidstakar og organisasjonen sine føresetnader for å handtere og utvikle den enkelte. Temaet karriereutvikling i og på tvers av organisasjonar blir presentert. Organisasjonspsykologi rettar seg primært mot studiet av organisasjonar og grupper, og leiing og utvikling av desse. Sentrale tema er kommunikasjon, konflikt og konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring og organisasjonsutvikling. Arbeidspsykologi fokuserer på det yrkesaktive individet si oppleving av arbeidsmiljøet og bindeleddet mellom arbeidsmiljø og helse. Mellom temaa som blir drøfta er psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, motivasjon i jobbsamanheng, individuelle forskjellar, sosial støtte, mobbing, stress og utbrenning, meistring og helse i arbeidslivet. Leiingspsykologi gir ei skolering i sentrale teoriar og perspektiv på leiing. Blant anna ser ein nærare på transformerande og destruktiv leiing og kva innverknad situasjonsfaktorar har på leiing. Med utgangspunkt i norsk og internasjonal teori og empiri viser ein kva innverknad leiing har på produktiviteten i organisasjonar og på trivselen blant dei tilsette. Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. I løpet av kurset skal du i samarbeid med medstudentar skrive ei oppgåve basert på fagleg fordjuping og empirisk arbeid. Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, rettsvitskap, økonomi og humaniora. Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp.   1. semester: Examen philosophicum Examen facultatum, psykologi Innføring i psykologi   2. semester: Personalpsykologi Forskingsmetodar   3. semester: Organisasjonspsykologi Arbeidspsykologi   4. semester: Valfrie emne   5. semester: Valfrie emne   6. semester: Leiingspsykologi Bacheloroppgåve Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet. Yrkesvegar Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som f.eks. leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar. Kandidatar med eksamen i arbeids- og organisasjonspsykologi arbeider innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi. [-]
Les mer