Universitet: Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi

Universitet i Bergen

Klasserom2 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Studiet har som mål å gi deg evidensbaserte kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng.

Studiet er konsentrert om følgjande tema:

  • organisasjonar og grupper si oppbygging og verkemåtar, med vekt på endring,
  • individuelle føresetnader for å arbeide i organisasjonar og grupper,
  • rolla som endringsagent,
  • forskingsdesign og -metodar
  • måleverktøy og arbeidsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling,
  • etiske problemstillingar og dilemma.

Oppbygging av studiet

Studiet består av ein teoretisk del (30 studiepoeng), ein praktisk del (30 studiepoeng), forskingsmetode (15 studiepoeng) og masteroppgåva (45 studiepoeng).

Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut:

1. semester:

  • Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv (15 sp)
  • Tradisjonar i arbeidslivsforskinga (AHS311) (15 sp)

2. semester:

  • Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar og teamutvikling (10 sp)
  • Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling (10 sp)
  • Rolla som endringsagent i praksis: Prosjektarbeid i organisasjonar (10 sp)

3. semester:

  • Forskingsmetode (15 sp)

3. og 4. semester:

  • Masteroppgåve (45 sp)

Masteroppgåve

Oppgåva utgjer 45 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar). Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.

Yrkesvegar

Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan arbeide innan personal- og organisasjonsutvikling både i privat og offentleg sektor og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.



Forkunnskaper


 

Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:

Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B

Organisasjonspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 103

Arbeidspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 104

Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200

Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.

(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).

Som ei overgangsordning ved opptaket til Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi i 2008, vil karakteren på Personalpsykologi PSYK106, telle med i opptaksgrunnlaget, dersom dette er til gunst for søkjaren.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.



Studiepoeng


120 Studiepoeng





Be om gratis info
Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere