Universitet: Bachelorprogram i biologi
Universitet i BergenBiologi er kort sagt læra om alt som lever. Gjennom bachelorprogrammet får du ei innføring i ulike retningar innanfor biologien. Du møter dei klassiske disiplinane zoologi, botanikk, fysiologi og mikrobiologi, men du vil også få kunnskap i molekylærbiologi, kjemi, evolusjonsteori og økologi.
Marine studium er eit forskingsfelt som det blir lagt vekt på ved UiB, og derfor vil vi gi dette feltet ekstra merksemd i undervisninga.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i biologi inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne, 90 studiepoeng med spesialisering og 70 studiepoeng som du kan velje frå biologiske eller andre fagretningar. I det første semesteret tek du ex. phil. og innføringsemne i matematikk og kjemi. Dette skal gi deg grunnlag for vidare studium.
I det andre semesteret held du fram med zoologi, molekylærbiologi og ei innføring i evolusjon og økologi. Da vil du mellom anna lære om det biologiske mangfaldet i dyreriket. Du vil også få innsikt i biokjemiske prosessar, som til dømes cellene si oppbygging, og genteknologi. Emna evolusjon og økologi skal gi deg ei forståing for den moderne utviklingslæra.
I det tredje semesteret har du faga botanikk, mikrobiologi og zoofysiologi. Du lærer om biologiske funksjonar i plantar og mikroorganismar, om mangfaldet deira, og om den rolla dei speler i naturen. I dette semesteret vil du også lære om menneskekroppen og dei grunnleggjande livsprosessane våre.
Det fjerde semesteret fokuserer på økologi og marine økosystem. Her granskar du samanhengar og prosessar i dyre- og plantebestandar, samfunn og økosystem, og globale mønster både i vatn og på land. I ein del av det fjerde semesteret og dei to etterfølgjande semestra vel du sjølv den faglege samansetjinga. Her vel du fritt ut frå fagleg interesse og karriereplanane dine. Det vil også vere moglegheiter for utveksling til utlandet eller Svalbard.
Bachelorprogrammet i biologi vil da sjå slik ut:
6. Semester
Val/utveksling/undervisningskompetanse
5. Semester
Val/utveksling/undervisningskompetanse
4. Semester
Val
Økologi
Marine økosystem
3. Semester
Mikrobiologi
Zoofysiologi
Botanikk
2. Semester
Molekylærbiologi
Zoologi
Innføring i evolusjon og økologi
1. Semester
Ex.phil.
Matematikk
Kjemi
I tillegg til vanleg undervisning med forelesingar inneber dei fleste emna laboratoriearbeid og både korte og lange feltekskursjonar. Praktiske øvingar utgjer ein stor del av undervisninga. Det blir gitt innføring i både moderne og meir tradisjonelle teknikkar som blir nytta innafor biologisk forsking i dag. Dersom du siktar deg inn mot ein mastergrad, bør du ta statistikk. Andre emne som kan gå inn i den valfrie delen av bachelorgraden, er matematikk, kjemi, fysikk, geologi, informatikk eller andre tverrfaglege miljøfagemne. Kva fag som blir tilrådde, vil vere avhengig av kva spesialisering du vel i masterstudiet.
Førstesemesterstudiet
I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit i kjemi. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart.Utveksling
Valfridomen i det femte og sjette semesteret kan med fordel nyttast til internasjonal utveksling. Eitt eller to semester av utdanninga kan gjennomførast ved eit utanlandsk universitet eller ved universitetsstudia på Svalbard (UNIS). Vi har i dag avtaler med fleire universitet i Europa, og i Canada, Australia, USA, Sør-Afrika og Uganda. Her kan du få utanlandsopphald som blir integrert i graden.Yrkesvegar
Studieprogrammet i biologi er eit godt utgangspunkt for utdanning fram mot ulike yrke, anten du vel å stoppe etter avslutta bachelorgrad eller halde fram med eit masterstudium. I tillegg til ei tung fagleg fordjuping innanfor eit valt område av biologien, vil du med ein fullført mastergrad ha skaffa deg ein vitskapleg sjølvstendig tenkjemåte som er svært nyttig i arbeidslivet.
Marine ressursar er eit viktig satsingsområde i Noreg. Det finst ei rekkje yrkesalternativ der forvalting av ressursane i havet og utviklinga i havbruksnæringa står sentralt. Skolesektoren kan også vere aktuell, og undervisningskompetansen vil variere etter val av fagleg fordjuping. Vidare rekrutterer både næringsmiddelindustrien og oljebransjen biologar. Det finst også jobbar innan offentleg forvalting og naturforvalting i både offentleg og privat sektor. Innan forsking er det også mange stillingar som byggjer på ei biologiutdanning.
Dersom du tek valemne opp mot studieplanen i havbruksbiologi og fiskehelse, vil du enkelt kunne få overgang.
Vidare studium
Ved oppnådd bachelorgrad i biologi har du fått ei solid innføring i dette omfangsrike faget, og UiB tilbyr masterprogram innanfor dei fleste fagfelta i biologien.
- Masterprogram i biologi
- Masterprogram i marinbiologi
- Masterprogram i fiskeribiologi og forvalting
- Profesjonsstudium i fiskehelse*
- Masterprogram i havbruksbiologi
- Masterprogram i ernæring
- Masterprogram i humanbiologiske fag
*Dersom det er ledig kapasitet på profesjonsstudiet i fiskehelse vil programmet vurdere opptak av studentar med bachelorgrad i havbruksbiologi eller biologi.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i biologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!