Universitet: Masterprogram i biologi - Celle- og utviklingsbiologi
Universitet i BergenMålet med programmet er å gi deg innsikt i og oversikt over fagområdet celle- og utviklingsbiologi ut frå ei fysiologisk og anatomisk tilnærming. I løpet av programmet vil du mellom anna tileigne deg solid erfaring med bruk av generell cellebiologisk metodikk, som også kan brukast innanfor all annan eksperimentell biologi. Faggruppa disponerer godt utstyrte laboratorium og legg vekt på god oppfølging. Den sjølvstendige masteroppgåva vil vere knytt til pågåande forskingsprosjekt som spenner over eit breitt spekter frå grunnforsking til målretta praktiske prosjekt. Gjennom programmet vil du få opplæring i å gjennomføre ei sjølvstendig vitskapleg oppgåve.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 eller 30 studiepoeng og emne eller spesialpensum på minst på 60 studiepoeng.
Masteroppgåve
Du skal i samråd med rettleiaren velje ei masteroppgåve som svarer til 60 sp., men du kan også skrive ei oppgåve på 30 sp. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Oppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.
Metode
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved
sida av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Yrkesvegar
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innanfor forsking, offentleg forvalting, miljøvern, skoleverk, havbruk og legemiddelindustri.
Forkunnskaper
Bachelorgrad i biologi, akvakultur, molekylærbiologi eller tilsvarande. Du som har bachelorgrad frå andre realfagsdisiplinar kan i særlege tilfelle vurderast dersom biologikunnskapane dine blir vurderte som tilfredsstillande i forhold til den aktuelle masteroppgåva. Bachelorgrad i biologi og havbruk frå høgskolane kvalifiserer normalt for direkte opptak til mastergrad.
Studiepoeng
120 studiepoeng
Masterprogram i biologi - Celle- og utviklingsbiologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!