Universitet: Masterprogram i havbruksbiologi
Universitet i BergenDette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Målet med programmet er å gi deg omfattande vitskapleg og praktisk kompetanse innanfor samspel mellom miljø og utvikling, vekst og reproduksjon hos sentrale artar i oppdrett. Problemstillingane blir normalt definerte innanfor yngelproduksjon og "juvenil" fase av laksefisk og marine artar i oppdrett. Ein fokuserer også på livshistoriestrategiar, spesielt på reproduksjonsfysiologi og ontogeni (smoltifisering og metamorfose). Du får innsikt i og erfaring med arbeid med mellom anna fysiologi, endokrinologi, histologi og molekylære metodar. Du får også praktisk kunnskap om intensive og ekstensive oppdrettssystem, norske lover og forskrifter som er relaterte til oppdrettsnæringa, og ei oversikt over internasjonal akvakultur.
Bachelorgrad eller tilsvarande i biologi, havbruk eller molekylærbiologi. Bachelorgrad i biologi og havbruk frå høgskolane kvalifiserer normalt for direkte opptak til mastergrad.
120 Studiepoeng
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i havbruksbiologi omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 30 eller 60 sp og emne eller spesialpensum på til saman 60 eller 90 sp. Dersom du vel ei kort oppgåve, må du setje av 15 sp til å skrive ei semesteroppgåve, ein litteraturstudie eller ein populærvitskapleg artikkel. Dersom du vel ei lang oppgåve på 60 sp, er dei obligatoriske emna (60 st) følgjande: BIO300 Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (10 sp), MAR250 Innføring i havbruk (10 sp), MAR251 Etikk og velferd hos akvatiske organismer (10 st), MAR252 Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur (10 sp) og MAR350 Spesialisering i havbruksbiologi (10 sp).Masteroppgåve
I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.Metode
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er viktig ved sida av teoretiske og eksperimentelle studiar.Yrkesvegar
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid som stipendiat eller juniorforskar ved forskingsinstitutt eller større selskap, produksjonsansvarleg ved oppdrettsanlegg, saksbehandlar innanfor offentlig forvalting, konsulent, lektor (dersom du i tillegg har pedagogiske fag) eller rådgivar i havbruksrelaterte spørsmål.
Forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande i biologi, havbruk eller molekylærbiologi. Bachelorgrad i biologi og havbruk frå høgskolane kvalifiserer normalt for direkte opptak til mastergrad.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Påmelding
Masterprogram i havbruksbiologi
Masterprogram i havbruksbiologi
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Felt som er merket med * må fylles ut
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!