Universitet: Masterprogram i marinbiologi - Marin biodiversitet
Universitet i BergenFormålet med masterstudiet i marin biodiversitet er å gi deg djup innsikt i og oversikt over fagområdet marin biodiversitet og samfunnsøkologi. Du som har gjennomgått programmet skal ha god kjennskap til flora og fauna i norske og nordiske havområde, innsikt i og erfaring med bruk av marinbiologisk metodikk i felt og i lab samt generelle metodar for å studere biodiversitet. Du skal også ha fått opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapleg studie.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i marin biodiversitet omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng.
Masteroppgåve
I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 studiepoeng, men du kan også skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområda til dei aktuelle rettleiarane.
Metode
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sida av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Yrkesvegar
Mange biologar arbeider innanfor natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skoleverk, industri, miljøorganisasjonar og medie- og konsulentverksemder. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført masterprogrammet. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid innanfor offentleg forvalting, næringsliv, skoleverk og for vidare doktorgradsstudium innanfor marin biodiversitet og tilgrensande fagfelt.
Forkunnskaper
Bachelorgrad eller tilsvarande, helst i biologi. Bachelorgrad i biologi og havbruk frå høgskolane kvalifiserer normalt for direkte opptak til mastergrad.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i marinbiologi - Marin biodiversitet
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!