Pedagogikk
Fagdidaktikk
Du har valgt: Hordaland
Nullstill
Filter
Ferdig

-

8 treff ( i Hordaland ) i Fagdidaktikk

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato

Bergen 4 år
På forespørsel
Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. [+]
  Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og det vil vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av praktisk-pedagogisk utdanning og basisfag i matematikk og naturfag. Dette gjer deg kvalifisert til å undervise desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneskje og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel.   Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi deg heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, til dømes korleis ein lærer matematikk, kvifor bruke elevøvingar i naturfag, osb. Praksis gjennomførast i ungdomsskolen og på barnetrinnet (5. -7. klasse). Du kan søkje om å erstatte praksis på barnetrinnet (5.-7. klasse) med ungdomsskole eller vidaregåande skole. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller velje andre fag som samfunnsfag eller historie. På denne måten kan du skaffe deg ein allsidig og brei bakgrunn for undervisning i skolen. Oppbygging Det 4-årige adjunktprogrammet inneheld 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning 30 studiepoeng i matematikk (NB. 50 studiepoeng fra og med høsten 2008*) 60 studiepoeng i utvalde emne i fysikk, kjemi og biologi 80 studiepoeng valfrie emne (NB. 60 studiepoeng fra og med høsten 2008*) praksis i skolen Dei obligatoriske delane gir grunnlag for undervisning i matematikk og naturfag i ungdomsskolen. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller ta heilt andre fag. Ved å satse mest på fordjuping, kan du skaffe deg grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen i enkelte fag (min. 60 studiepoeng i eit fag). Ved å satse meir på breidd kan du skaffe deg breiare kompetanse for undervisning på ungdomsskolen. Eksempel: Ved å velje emne i geologi, geofysikk, biologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi o.l., kan du auke kunnskapane dine for undervisning i naturfag i ungdomsskolen. Ved å velje 30 studiepoeng i matematikk i tillegg til dei 30 obligatoriske, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i matematikk i vidaregåande skole. Ved å velje 30 studiepoeng innanfor kjemi, biologi og/eller fysikk, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i naturfag i videregående skole. Ved å velje fagkombinasjonar frå andre fagområde, kan du oppnå tilstrekkeleg grunnlag for undervisning i desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teke parallelt med fagstudia slik at fokus vert halde på lærarutdanninga gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.   * I Forskrift til opplæringsloven angis det hvor mange studiepoeng som kreves i et fag for å undervise faget i skolen. Fra og med høsten 2008 økes kravet til antall studiepoeng i matematikk for undervisning i ungdomsskolen. Pga. dette økes antall obligatoriske studiepoeng i matematikk i adjunktutdanningen fra og med høsten 2008. Utveksling Dersom du ønskjer det, kan du ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtaler som kan nyttast. Eit utanlandsopphald bør leggjast til det 6. semesteret. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med. Yrkesvegar Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen og ev. i den vidaregåande skolen og vaksenopplæringa avhengig av fagfordjuping. [-]
Les mer
Stord 3 år
På forespørsel
Ønskjer du å utdanna deg til musikklærar og musikkformidlar? Er du opptatt av å læra meir om musikk, og å komponera, spela og syngja saman med andre? Vil du utvikla... [+]
  I dette musikkstudiet legg me vekt på samanhengen mellom kunstnarisk utvikling som utøvar, lyttar og komponist, og det å formidla musikk på ein god måte. Eit viktig siktemål i studiet er difor å utvikla fagleg, kunstnarisk, pedagogisk og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i opplæring.   Arbeid med hovudinstrument, komponering/arrangering og pedagogiske emne er gjennomgåande i heile studiet. Som student blir du sett på som ein ressursperson som kan vera med å påverka studiet. Du får arbeida med både hovud- og biinstrument, og det vert arbeidd med samspel, leiing/direksjon komponering/ arrangering, ulike konsertproduksjonar, studioarbeid og liknande.   Gjennom rettleia praksis vil du også få prøva deg som lærar og instruktør i ulike samanhengar. Studiestad Stord har studio, konsertsal og gode øvingsrom. Du får ta del i våre internasjonale nettverk, og me dreg på studieturar til interessante musikkstader.   Som student ved HSH kan du ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphaldet på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HSH, og du taper ikkje tid.   Vidare studium: Studieprogrammet gjev grunnlag for opptak til mastergrader, slik som vår eigen mastergrad IKT i læring, og vidare musikkstudium. Du kan òg bruka delar av bachelorutdanninga i musikk til å byggja opp ei allmennlærarutdanning. Slik kan du få både ei allmennlærarutdanning og faglærarutdanning i musikk på fem år.   Her får du jobb: Du får ein solid og unik kompetanse og blir kvalifisert for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Andre moglege arbeidsstader er kor, korps, band, ensembleverksemd (arrangør, komponist, utøvar og dirigent) musikkorganisasjonar og musikkprosjekt av ulike slag. [-]
Les mer
Bergen 5 år
På forespørsel
Norskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. [+]
  Norskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. I dette femårige programmet les du nordisk språk og litteratur og eitt anna undervisningsfag som du vel sjølv. Gjennom integrering av didaktiske og pedagogiske element blir du oppmoda til å reflektere over faget og korleis ein kan formidle det, men den reint faglege delen av studiet er elles stort sett felles med andre studentar utanfor programmet. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing til sjølve lærarutdanninga.   Det første studieåret er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Du øver opp språkleg medvit ved å studere både den historiske utviklinga til nordiske språk og korleis moderne språk er strukturert. Litteraturundervisninga gir deg innblikk i norsk og nordisk kulturhistorie og fremjar historisk og kulturelt medvit og refleksjon i møte med sentrale forfattarskap og ulike sjangrar. På høgare nivå (frå tredje semester) får du høve til å spesialisere deg i sjølvvalde faglege emne og skrive ei semesteroppgåve under rettleiing. I det tredje semesteret legg vi særleg vekt på integreringa av didaktiske element i det faglege arbeidet. På mastergradsnivå går den faglege og den praktisk-pedagogiske opplæringa parallelt, men du har stor fridom og kan sjølv velje i kva grad du vil integrere didaktiske perspektiv i det faglege studiet. Interesse for språket ligg til grunn for heile studiet, og vi legg vekt på rett og god språkføring i alle eksamens- og heimeoppgåver. Fag- og emnevalg Gjennom studiet vil du støyte på mange ulike val. Eit viktig val er kva du skal velje som fag 2, som er det andre faget du skal kunne undervise i etter avslutta utdanning. På universitetet blir det gitt undervisning i ei rekkje fag som også er skolefag. Du kan velje blant engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudiar, historie og religionsvitskap. På studiet i nordisk vil du også gjere val ut frå dine faglege interesser. På lågare nivå må du lese både språklege og litterære emne, mens du på mellom- og mastergradsnivå har større høve til å følgje eigne spor og velje anten språkleg eller litterær spesialisering. Oppbygging Studiet er sett saman av mindre emne. Dei tre første åra inneheld innføringsemne, tre semester med nordisk språk og litteratur, og to semester i støttefaget du vel. Her får du grunnleggjande kunnskap innan desse to faga. Kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjette og åttande semesteret. Første studieår Examen philosophicum, Innføring i pedagogikk, innføringsemne: språk og kommunikasjon Emne i nordisk språk og litteratur Andre studieår Emne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag Skolebesøk Tredje studieår Spesialiseringsemne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag Pedagogikk, fagdidaktikk og skolebesøk Fjerde studieår Prosjektførebuande emne i nordisk språk eller litteratur Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis Femte studieår Masteroppgåve Førstesemesterstudiet Førstesemesterstudiet skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Studiet inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. PEDA111 medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing på sjølve lærarutdanninga. Utveksling Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Om du ønskjer studieopphald i utlandet som ein del av lærarutdanninga, bør det leggjast til det sjette semesteret. Universitetet i Bergen vil leggje til rette for utanlandsopphaldet og syte for at det blir ein integrert del av utdanninga di. Yrkesvegar Lektorutdanninga med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskolen (mellom- og ungdomssteget) og i vidaregåande skole. Utdanninga vil gi deg grunnlag for undervisning i norsk og det faget du vel som fag 2. [-]
Les mer
Bergen 4 år
På forespørsel
Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. [+]
  Dette programmet passer best for deg som ønskjer å bli realfagslærar i ungdomsskolen. Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og det vil vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.     Programmet er samansett av praktisk-pedagogisk utdanning og basisfag i matematikk og naturfag. Dette gjer deg kvalifisert til å undervise desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneskje og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi deg heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, til dømes korleis ein lærer matematikk, kvifor bruke elevøvingar i naturfag, osb. Praksis gjennomførast i ungdomsskolen og på barnetrinnet (5. -7. klasse). Du kan søkje om å erstatte praksis på barnetrinnet (5.-7. klasse) med ungdomsskole eller vidaregåande skole. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller velje andre fag som samfunnsfag eller historie. På denne måten kan du skaffe deg ein allsidig og brei bakgrunn for undervisning i skolen. Oppbygging Det 4-årige adjunktprogrammet inneheld 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning 30 studiepoeng i matematikk (NB. 50 studiepoeng fra og med høsten 2008*) 60 studiepoeng i utvalde emne i fysikk, kjemi og biologi 80 studiepoeng valfrie emne (NB. 60 studiepoeng fra og med høsten 2008*) praksis i skolen Dei obligatoriske delane gir grunnlag for undervisning i matematikk og naturfag i ungdomsskolen. I den valfrie delen av studiet er det mogleg å fordjupe seg vidare i eitt eller fleire realfag eller ta heilt andre fag. Ved å satse mest på fordjuping, kan du skaffe deg grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen i enkelte fag (min. 60 studiepoeng i eit fag). Ved å satse meir på breidd kan du skaffe deg breiare kompetanse for undervisning på ungdomsskolen. Eksempel: Ved å velje emne i geologi, geofysikk, biologi, fysikk, kjemi, molekylærbiologi o.l., kan du auke kunnskapane dine for undervisning i naturfag i ungdomsskolen. Ved å velje 30 studiepoeng i matematikk i tillegg til dei 30 obligatoriske, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i matematikk i vidaregåande skole. Ved å velje 30 studiepoeng innanfor kjemi, biologi og/eller fysikk, oppnår du tilstrekkelig grunnlag for undervisning i naturfag i videregående skole. Ved å velje fagkombinasjonar frå andre fagområde, kan du oppnå tilstrekkeleg grunnlag for undervisning i desse faga i ungdomsskolen. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teke parallelt med fagstudia slik at fokus vert halde på lærarutdanninga gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.   * I Forskrift til opplæringsloven angis det hvor mange studiepoeng som kreves i et fag for å undervise faget i skolen. Fra og med høsten 2008 økes kravet til antall studiepoeng i matematikk for undervisning i ungdomsskolen. Pga. dette økes antall obligatoriske studiepoeng i matematikk i adjunktutdanningen fra og med høsten 2008. Utveksling Dersom du ønskjer det, kan du ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. UiB har mange utvekslingsavtaler som kan nyttast. Eit utanlandsopphald bør leggjast til det 6. semesteret. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med. Yrkesvegar Adjunktutdanninga i matematikk og naturfag kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen og ev. i den vidaregåande skolen og vaksenopplæringa avhengig av fagfordjuping. [-]
Les mer
Bergen 5 år
På forespørsel
Norskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. I dette femårige programmet les du nordisk språk og litteratur og eitt ann... [+]
  Norskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. I dette femårige programmet les du nordisk språk og litteratur og eitt anna undervisningsfag som du vel sjølv. Gjennom integrering av didaktiske og pedagogiske element blir du oppmoda til å reflektere over faget og korleis ein kan formidle det, men den reint faglege delen av studiet er elles stort sett felles med andre studentar utanfor programmet. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing til sjølve lærarutdanninga.   Det første studieåret er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Du øver opp språkleg medvit ved å studere både den historiske utviklinga til nordiske språk og korleis moderne språk er strukturert.   Litteraturundervisninga gir deg innblikk i norsk og nordisk kulturhistorie og fremjar historisk og kulturelt medvit og refleksjon i møte med sentrale forfattarskap og ulike sjangrar. På høgare nivå (frå tredje semester) får du høve til å spesialisere deg i sjølvvalde faglege emne og skrive ei semesteroppgåve under rettleiing. I det tredje semesteret legg vi særleg vekt på integreringa av didaktiske element i det faglege arbeidet. På mastergradsnivå går den faglege og den praktisk-pedagogiske opplæringa parallelt, men du har stor fridom og kan sjølv velje i kva grad du vil integrere didaktiske perspektiv i det faglege studiet. Interesse for språket ligg til grunn for heile studiet, og vi legg vekt på rett og god språkføring i alle eksamens- og heimeoppgåver. Fag- og emnevalg Gjennom studiet vil du støyte på mange ulike val. Eit viktig val er kva du skal velje som fag 2, som er det andre faget du skal kunne undervise i etter avslutta utdanning. På universitetet blir det gitt undervisning i ei rekkje fag som også er skolefag. Du kan velje blant engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudiar, historie og religionsvitskap. På studiet i nordisk vil du også gjere val ut frå dine faglege interesser. På lågare nivå må du lese både språklege og litterære emne, mens du på mellom- og mastergradsnivå har større høve til å følgje eigne spor og velje anten språkleg eller litterær spesialisering. Oppbygging Studiet er sett saman av mindre emne. Dei tre første åra inneheld innføringsemne, tre semester med nordisk språk og litteratur, og to semester i støttefaget du vel. Her får du grunnleggjande kunnskap innan desse to faga. Kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjette og åttande semesteret. Første studieår Examen philosophicum, Innføring i pedagogikk, innføringsemne: språk og kommunikasjon Emne i nordisk språk og litteratur Andre studieår Emne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag Skolebesøk Tredje studieår Spesialiseringsemne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag Pedagogikk, fagdidaktikk og skolebesøk Fjerde studieår Prosjektførebuande emne i nordisk språk eller litteratur Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis Femte studieår Masteroppgåve Førstesemesterstudiet Førstesemesterstudiet skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Studiet inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. PEDA111 medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing på sjølve lærarutdanninga. Utveksling Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Om du ønskjer studieopphald i utlandet som ein del av lærarutdanninga, bør det leggjast til det sjette semesteret. Universitetet i Bergen vil leggje til rette for utanlandsopphaldet og syte for at det blir ein integrert del av utdanninga di. Yrkesvegar Lektorutdanninga med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskolen (mellom- og ungdomssteget) og i vidaregåande skole. Utdanninga vil gi deg grunnlag for undervisning i norsk og det faget du vel som fag 2. [-]
Les mer
Bergen 5 år
På forespørsel
Framandspråkopplæringa står sentralt i den vidaregåande skolen. I ei internasjonalisert verd er evna til å kommunisere på andre språk stadig viktigare. [+]
  Framandspråkopplæringa står sentralt i den vidaregåande skolen. I ei internasjonalisert verd er evna til å kommunisere på andre språk stadig viktigare. God kommunikasjon er avhengig av språkleg kompetanse, men også av kunnskap om kulturelle skilnader og ulike samfunnstilhøve omkring i verda. I den norske skolen blir det lagt stor vekt på språkopplæringa. Engelskundervisninga startar alt i første klasse på barneskolen, og eit tredje framandspråk blir introdusert i vidaregåande skole. I media blir ofte «den gode språklæraren» etterlyst - læraren som både er fagleg dyktig og ein god pedagog som kan motivere elevane til læring. I dette programmet skal du studere to fag, slik at du skal ha grunnlag for undervisning i to fag, Du skal ta mastergrad i eitt av språkfaga engelsk, fransk eller tysk, og dette språket blir ditt fag 1 i lærarutdanninga. I tillegg skal du velje eit fag 2 som du skal studere i to semester. Språkfaga i programmet er sett saman av språkleg orienterte emne som legg vekt på praktisk og teoretisk kunnskap om språket, og litterære og kulturelle emne der du skal bli kjend med litteraturhistoria og sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet du studerer.   Engelsk er eit verdsspråk som blir brukt i svært mange internasjonale samanhengar. Faget er obligatorisk på alle steg i norsk skole. Behovet for utdanning i faget på universitetsnivå er derfor stort. Engelskstudiet på lågare nivå gir ei grunnleggjande innføring i engelsk språk og engelskspråkleg litteratur og kultur. På mellomnivå og mastergradsnivå er det større valfridom når det gjeld emne for fordjuping og spesialisering i ein av dei tre studiedisiplinane engelsk språk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur i eldre og nyare tid.   Tysk er eit sentralt språk i Europa og morsmålet til om lag 100 millionar menneske. Dei tyskspråklege landa speler ei viktig rolle innan europeisk kultur, samfunnsliv og politikk. Som følgje av auka europeisk samarbeid, er kunnskap om tysk og det tyskspråklege området svært nyttig. Studiet inneheld emne innan grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Gjennom tyskstudiet trener du opp evna til å bruke moderne tysk skriftleg og munnleg. Du får også kjennskap til dei store språklege og kulturelle variasjonane som er eit særmerke for innbyggjarane i dei tyskspråklege områda i Europa.   Fransk er i verdsmålestokk morsmålet til omlag 80 millionar menneske, og rundt 50 millionar bruker fransk som andrespråk. Fransk er også arbeidsspråket i ei rekkje internasjonale organisasjonar. I Europarådet, for eksempel, er fransk og engelsk likestilte som hovudspråk. Gjennom franskstudiet trenar du opp evna til å forstå og bruke moderne fransk skriftleg og munnleg. Du får også kjennskap til fransk litteratur og kunnskap om Frankrike og om franskmenn sine tenkje- og levemåtar. Studiet inneheld emne innan grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Det blir også gitt ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i fransktalande land og område utanom Frankrike. Oppbygging Studiet er sett saman av mindre emne. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, i tillegg til å førebu deg på sjølve lærarutdanninga. Etter førstesemesteret tar du to semester med fag 1, så to semester med fag 2. Deretter tar du eit semester med spesialisering i fag 1, før du tar til på masterstudiet i fag 1. Gjennom studiet skal du ta emne i pedagogikk og fagdidaktikk saman med fagstudia. I kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Praksis, pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjuande og åttande semesteret.   Her ser du eit eksempel på korleis studiet vil sjå ut viss du vel engelsk som fag 1 og tysk som fag 2.   1. semester:Ex.phil. (10 sp*)Språk og kommunikasjon (10 sp)Innføring i pedagogikk (10 sp)   2. semester:Emne i engelsk (30 sp)   3. semester:Emne i engelsk (25 sp)Fagdidaktikk (5 sp) Skolebesøk   4. semester: Emne i tysk (30 sp)   5. semester:Emne i tysk (20 sp)Fagdidaktikk (5 sp)Pedagogikk (5 sp)Skolebesøk   6. semesterSpesialiseringsemne i engelsk (25 sp)Fagdidaktikk (5 sp)   7. og 8. semesterMasteremne i engelsk (30 sp)Fagdidaktikk (15 sp)Pedagogikk (15 sp)Praksis (13 veker)   9. og 10. semester Mastergradsoppgåve (60 sp) *Studiepoeng (30 studiepoeng = eitt fulltids semester). Utveksling Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. For deg som vil ta lærarutdanning i et framandspråk, vil det vere ein stor fordel om du legg inn eit utanlandsopphald. Dersom du vel engelsk som eitt av faga i lektorutdanninga, vil du for eksempel få tilbod om eit 14 dagars studieopphald ved Det norske studiesenteret i York. Tek du tysk, vil du få eit opphald ved Det tysk-norske studiesenteret i Kiel, og vel du fransk, inngår eit sju vekers kurs i Frankrike. Ein vil også leggje til rette for utanlandsopphald i sjette semester (spesialiseringssemesteret).     [-]
Les mer
Bergen 5 år
På forespørsel
Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). [+]
  Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.   Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning.   Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole. Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.   Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen. Oppbygging I alle studieløp inngår: 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve. praksis i skolen Fag- og emneval Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar: 1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk   2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk   3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk   4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi   6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi   7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi   Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar. Førstesemesterstudiet I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart. Utveksling Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med. [-]
Les mer
Bergen 5 år
På forespørsel
Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og beho... [+]