Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Film-og-videoproduksjon > Bachelorprogram i film- og TV-produksjon

Universitet: Bachelorprogram i film- og TV-produksjon

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon gir ei teoretisk reflektert og praktisk orientert forståing av audiovisuelle medier, ein allsidig produksjonskompetanse på området, samt kvalifikasjonar innan eitt av fleire spesialområde (foto, regi, redigering, manus, osv.). All produksjon innan studiet er basert på digitale løysingar og blir gjennomført i samarbeid med bachelorprogrammet i nye medier.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon byrjar det første semesteret med ex.phil. og andre innføringsemne for programmet. Deretter må du fylle 90 studiepoeng med obligatoriske emne frå medievitskap samt dei spesialiseringsemna som er særeigne for programmet. I tillegg kjem 45 studiepoeng gjennom arbeid med bacheloroppgåva, der 15 studiepoeng er avsette til planlegging av ein produksjon. Studiet krev aktiv deltaking i undervisninga.

Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:

  • Introduksjon til media og kommunikasjon
  • Introduksjon til film, tv og nye medier
  • Media sitt publikum: Mediebruk og meiningsdanning
  • Medietekstar - teori og analyse
  • Film: historie og analyse
  • Teknisk grunnkurs film- og tv-produksjon
  • Nye medier: Produksjon og analyse
  • Manuskript og medier
  • Nyheitsproduksjon
  • Manusutvikling og spesialisering

Du kan velje inntil 15 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.

Bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon kan da sjå slik ut:

1. s Introduksjon til film/tv/nye medier (10 sp) Introduksjon til media og kommunikasjon (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Teknisk grunnkurs film- og tv-produksjon (5 sp) Nye medier: Produksjon og analyse (10 sp) Media sitt publikum: Mediebruk og meiningsdanning (15 sp) 3. s Manuskript og medier (15 sp) Medietekstar: teori og analyse (15 sp) 4. s Nyheitsproduksjon (15 sp) Film: historie og analyse (15 sp) 5. s Manusutvikling og spesialisering (15 sp) Valfritt / delstudium i utlandet 6. s Bacheloroppgåve i film- og tv-produksjon (30 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

s = semester, sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det femte semesteret i programmet.

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i film- og tv-produksjon kvalifiserer deg til arbeid innan film- og tv-produksjon, både i store produksjonsselskap, medieverksemder og organisasjonar, og som sjølvstendig film- og tv-skapar. Programmet samarbeider med studieprogramma i nye medier og journalistikk, og gjennom studiet får du møte svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver i spenningsfeltet mellom tradisjonelle og nye medier.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i medievitskap, samt eit planlagt masterstudium i screenwriting for film/tv og nye medier. Mastergraden er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga.


Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Studiepoeng


180 Studiepoeng

Påmelding
Bachelorprogram i film- og TV-produksjon
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook