Universitet: Masterprogram i filosofi
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Kursdelen inneheld tre emne (FIL301, FIL302 og FIL303) som er knytte til forsking som går føre seg på instituttet. Desse emna krev aktiv deltaking av studentane, og ein drøftar problem knytte til aktuell forsking. Eitt av desse tre emna kan bytast ut med eit 200- eller 300-emne frå eit anna fag. Emnet FIL304 skal vere ei førebuing til sjølve masteroppgåva. Her skal du skrive ei prosjektskisse.
Eit masterprogram i filosofi kan sjå slik ut:
1. semester
- FIL301 - Forskningsemne i filosofi
- FIL303 - Forskningsemne i filosofi
2. semester
- FIL302 - Forskningsemne i filosofi
- FIL304 - Utforming av prosjekt for masteroppgåva i filosofi
3. og 4. semester
- FIL350Masteroppgåva i filosofi
Masteroppgåve
FIL304 er retta mot skriving av masteroppgåva. Gjennom FIL304 skal ein utarbeide eit konkret prosjekt for oppgåva. Masteroppgåva FIL350 blir skriven innanfor eit sjølvvalt emne som rettleiaren har godkjent. Instituttet har som mål å kunne tilby rettleiing innanfor eit breitt spekter av fagområde. Rettleiaren følgjer skriveprosessen og gir råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du må sjølv arbeide kritisk og metodisk med masteroppgåva. Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng.Metode
Filosofifaget er prega av fleire ulike metodiske tilnærmingar i forhold til ulike tradisjonar. Du må, i nært samarbeid med rettleiaren, tileigne deg eit relevant metodegrunnlag i forhold til problemstillinga du har valt.Yrkesvegar
Filosofi som fag gir særs brei kompetanse når det gjeld å sjå samanhengar mellom ulike fagfelt og problemstillingar og det å setje fagområde og samfunnstilhøve inn i eit samlande perspektiv. Derfor eignar filosofi seg godt som grunnlag for arbeid i sektorar der kommunikasjon og argumentasjon er viktig, for eksempel innanfor kulturliv, media og informasjonsarbeid - både i offentleg og privat sektor. Mastergrad i filosofi gir grunnlag for å undervise i filosofi både i skuleverket og på fyrstesemsterstudiar ved universitet og høgskular. Det gir også grunnlag for å byrje på forskarutdaning. Kandidatar med ein mastergrad i filosofi må rekne med å sjølve måtte vise at kompetansen deira er relevant for aktuelle stillingar.Forkunnskaper
Masterprogrammet i filosofi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i filosofi eller tilsvarande. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i filosofi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!