Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Finansiering > Masterprogram i statistikk - Finanste...

Universitet: Masterprogram i statistikk - Finansteori og forsikringsmatematikk

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

 

For deg som kan tenkje deg å arbeide som aktuar, er dette det rette studieprogrammet. Her får du ei innføring i teori og teknikkar innanfor forsikringsmatematikk. Det norske regelverket for forsikringsnæringa krev at alle livs- og skadeforsikringsselskap skal ha ein ansvarshavande aktuar som skal passe på at premiar og forsikringstekniske avsetjingar har eit forsvarleg nivå. Blant arbeidsoppgåvene til aktuaren kjem også oppfølging av dei finansielle plasseringane til selskapet. For å bli ansvarshavande aktuar trengst det aktuarkompetanse, noko du får ved å ta dette studiet.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i finansteori og forsikringsmatematikk omfattar:

1) Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) med eit omfang på 60 sp. (Ein kan også få korte oppgåver med eit omfang på 30 sp, spesialpensumet blir da auka med 30 sp.)

2) Emne/spesialpensum på 60 sp (90 sp ved kort oppgåve) utarbeidd i samråd med rettleiaren

Masteroppgåve

I samråd med rettleiaren vel du ei masteroppgåve som svarer til 60 sp. (Dersom du vil ha ei oppgåve på 30 sp, blir oppgåva først gitt etter at alle kursa er tekne, og oppgåva må skrivast som eit fulltidsstudium i slutten av mastergradsstudiet.) Oppgåva er eit forskingsbasert arbeid som gir deg innsikt i matematisk metodikk og bruk av matematiske metodar i ulike samanhengar. Temaet for oppgåva er avhengig av forskingsinteressene til rettleiaren.

Metode

Masterprogrammet skal gi innsikt i statistisk metodikk og statistiske metodar. Emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du nyttar deg av.

Yrkesvegar

Det har lenge vore eit merkbart underskot på aktuarar i landet, og forsikringsselskapa tilbyr interessante arbeidsoppgåver med gode vilkår. Innanfor finans utanom forsikring er moglege arbeidsfelt porteføljeforvalting/overvaking og prissetjing av finansielle derivat, her også innanfor energisektoren. Studiet gir aktuarkompetanse for arbeid i Noreg. Krava til aktuarkompetanse for arbeid i EU er for tida til drøfting.




Forkunnskaper


 

Alle bachelorgradar med eit minimum av forkunnskapar i matematikk og statistikk (minimum eitt års omfang og eit karaktersnitt på minst C) som dekkjer kalkulus, lineær algebra, statistikk og statistiske metodar og anten stokastiske prosessar eller inferensteori. Du bør helst ha kunnskapar som svarer til følgjande kurs ved UiB: MAT111, MAT112, MAT121, STAT110, STAT111 og eitt av kursa STAT210/STAT220.

(Sjå studentportal.uib



Studiepoeng


120 Studiepoeng



Påmelding
Masterprogram i statistikk - Finansteori og forsikringsmatematikk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook