Kursguide
Utdanning
Søk

Folkehøgskole: Folkedans

Manger Folkehøgskule

Form
Klasserom

Varighet
1 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Folkehøgskole


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

Vil du dansa mykje og bli ein betre dansar, lære korleis ein brukar dansen i forestillingar, og i tillegg utvikle deg på eit instrument?
 
På Folkedanslinja får du utvikla deg som dansar og du får auka kunnskapen din om folkedans. Du får også eit heilt spesielt år i livet ditt - eit år du aldri

vil gløyme, med mange danse- og musikkopplevingar i lag med nye vener.
 
Du får undervisning i eit rikt repertoar med vekt på den norske folkedansen: bygdedansar (m.a. springarar, pols og halling), runddansar (vals, reinlender, polka og masurka), turdansar, songdansar og songleikar. I tillegg arbeider vi med samanhengen dans/musikk og scenisk folkedans.

Vi går også inn på generelle dansetekniske tema; rotasjon, balanse, kroppsføring, fall og samdans. Det kan bli innslag av svenske polskaer og folkedans frå Europa. Du vil møte tradisjonsberarar innan dans både "live" og gjennom arkivopptak. Vi gjer bruk av filmkameraet aktivt på oss selv når vi danser. Sidan vi dansar mykje, er det særs viktig med god oppvarming og uttøyning. Vi har også ein del styrketrening.
 
Du får undervisning i folkedans-og folkemusikkhistorie

og innføring i rytmelære for å lære bakgrunn for

dansane, begrep og for å få oversikt over tradisjonane.

Dei som ynskjer det får også individuelle timar på

valfritt hovudinstrument, også song.
 
Skuleåret er delt inn i bolkar på ei til tre veker, der ein

fordjupar seg i eit tema. Tema vil variera etter kva

gjestelærar som er på besøk, og etter kva ein driv med

elles på skulen. Folkedanslinja er det einaste

folkehøgskuletilbodet innan folkedans i Noreg, og har

derfor knytt til seg dei beste dansepedagogane. Vi har

til no brukt gjestelærarar som: Martin Myhr, Vegar Vårdal,

Hallgrim Hansegård, Leif Stinnerbom, Sigurd Klausen,

Sigurd Johan Heide, Silje Onstad Hålien, Arne Sølvberg,

Ulf Arne Johannesen og Gunnlaug Lien Myhr. Om lag åtte

av desse vert nytta som gjestelærarar kvart år. Vi har også

spelemenn på besøk innimellom.

I tillegg dreg vi gjennom året på ei rekkje spanande

ekskursjonar, forestillingar, konsertar, prosjekt av ymse

slag, samt faste turar til folkemusikkpøbben Columbi Egg

i Bergen, Noregs mest aktive folkemusikklubb. Vi lagar og

fleire danseprogram som blir vist på turnear, avslutningar

og huskonsertar.
 
Folkedanslinja har eit eige folkedansrom på skulen der vi

dansar. Her har vi eit stort cd-arkiv med folkemusikk og er

elles bra utstyrt med musikkanlegg, speilvegg,

dvd- og vhs-spiller, prosjektør og skoskap. På kveldstid er

det ledige øvingsrom for både dans og musikk på skulen.

Bergen er ikkje langt unna med et rikt tilbud innen

folkedans og folkemusikk. Her kan ein hive seg med på

kveldstid.
 
Nytt av året er at vi vil samarbeide med folkemusikklinja

ved Fana folkehøgskule, Noregs einaste folkemusikklinje

ved ein folkehøgskule. Vi planlegger mellom anna felles

studietur til Budapest for å gå på ”dansehus” og oppleve

eit annet lands levande danse-og musikkmiljø, og muligens

en kortare fellesturne saman.


Det er ein fordel om du har dansa ein del frå før, men det er

interessa for folkedans som er viktigast! Du vil få utfordringar

utfrå kva nivå du er på.
 
Folkedanslinja har gode rabattar på dansesko i Bergen, og

litt rabatt på bøker om norsk folkedans.

 

”Året på folkedanslinja har gjort mykje for meg som dansar:

med flinke lærarar, gode klassekameratar og gjennom

opplevelsesrike turar har eg opplevd enorm glede og framgang

i dansen”. Ingvild Fosse – Elev 2006/2007




Påmelding
Folkedans
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Manger Folkehøgskule vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook