Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Forvaltning > Masterprogram i region og regionalise...

Universitet: Masterprogram i region og regionalisering

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til auka behov for kompetanse i offentleg forvalting, hos planleggjarar og i næringslivet. Kva er region, regionalisme, regionalisering? Korleis oppstår regionar? Kva kjenneteiknar regionale endringsprosessar? Programet skal gi studentane ei tverrfagleg innføring i feltet og ei fordjuping innanfor eitt av tre fagområde: natur og landskap, kultur og historie, eller samfunn og politikk. Gjennom studiet får studentane ein brei kunnskapsbase og kompetanse innan regionalpolitikk og landskaps-, natur- og kulturmiljøforvalting. Kandidatane får også grunnleggjande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar og innsyn i korleis natur- og kulturmiljø blir forvalta og verna.

Læringsutbyte

Studiet skal gi studentane kunnskap om relevante teoriar, modellar for forståing og metode innanfor eitt av dei tre hovudområda natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk. Dei skal også kunne bruke den tverrfaglege kunnskapen i praksis. Studentane skal få styrkt evna til heilskapleg vurdering av komplekse saksforhold og til kritisk tenking i forhold til politiske prosessar og økonomiske interesser. Dei skal få erfaring med å samarbeide om, planleggje, gjennomføre og evaluere eit tverrfagleg forskingsretta prosjekt.

Oppbygging av studiet

Mastergraden har to ulike variantar. Den eine har hovudfokus på forsking, med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng, mens den andre er meir yrkesretta. Her er masteroppgåva på 30 studiepoeng, og det praktiske fokuset retta mot problemstillingar i arbeidslivet er sterkare.

Masterprogrammet i region og regionalisering ser slik ut:

Forskningsretta variant

1. semester
REG301- Region og regionalisering (10 sp)
REG302 - Natur- og kulturmiljøforvalting (10 sp)
REG303 - Forvaltingsrett (10 sp)

2. semester
Valemne* (15 sp)
Prosjektbeskriving (15 sp)

3. og 4. semester
Masteroppgåve (60 sp)

Yrkesretta variant

1. semester
REG301- Region og regionalisering (10 sp)
REG302 - Natur- og kulturmiljøforvalting (10 sp)
REG303 - Forvaltingsrett (10 sp)

2. semester
Valemne* ( til saman 30 sp)

3. semester
REG304 - Akademisk skriving (10 sp)
REG305 - Problemløysing i team/prosjektskisse (20 sp)

4. semester
Masteroppgåve (30 sp)

s= semester sp= studiepoeng.

*Valemna skal innehalde tema innanfor teori og metode og andre relevante emne for programmet henta frå emnetilboda til dei ulike
faga innanfor anten natur og landskap, kultur og historie eller
samfunn og politikk.

Metode

Du skal bli kjend med sentrale metodar innanfor forskingsområdet. Desse omfattar både teoretiske tilnærmingar og yrkesretta metodar sett i lys av forvaltingsrett, natur- og kulturforvalting. Du må også tileigne deg det relevante metodegrunnlaget i forhold til problemstillinga du har valt.

Yrkesvegar

Kandidatane kan gå inn i ei rekkje ulike stillingar i offentleg og privat verksemd, mellom anna næringsutvikling, planlegging og natur- og kulturmiljøforvalting. Moglege sektorar kan vere offentleg forvalting på alle nivå, særleg innanfor arealplanlegging, kultur- og naturforvalting, mediebedrifter, opplevingsindustri og turisme. Faget er også aktuelt som vidare spesialisering for journalistar og andre medieorienterte yrke.


Forkunnskaper


 

Bachelorgrad frå dei samarbeidande fakulteta eller tilsvarande.

Studentar frå andre utdanningsinstitusjonar kan også søkje opptak til programmet.



Studiepoeng


120

Påmelding
Masterprogram i region og regionalisering
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook