Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Fotokurs-digital-fototeknikk > Lyssetting/portrett

Kurs: Lyssetting/portrett

Oslo Kamera Klubb

Form
Klasserom

Varighet
2 uke(r)

Deltid
Ja

Heltid
Nei

Nivå
Kurs

Pris
1950,-

1800 for medlemmer i OKK

Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

Workshop - Lyssetting / portrett

 

WS#1: L. 2/4 + L. 16/4
WS#2: S. 3/4 + S. 17/4

 

MÅLSETTING:

Målet med workshopen er at du skal lære deg å "sjå lyset",
skape lyset og bruke lyset! Lyset i eit bilete er viktig! Lyset skapar stemning og atmosfære. Lyset framhevar ting. Lyset gjev liv og form!

 

Eg skal prøve å hjelpe deg i denne prosessen med å bli bevisst lyset, korleis du kan løyse ting i praksis, samt veilede deg medan du fotograferar!

I denne prosessen brukar vi mellom anna studioblitsutstyr, fordi det er ein veldig praktisk måte å lære å forstå lyset på! Målet mitt er at ein gjennom dette skal bli sett i stand til å få det beste ut av lyset under alle slags forhold. Det enkle er ofte det beste, og ein treng ikkje nødvendigvis dyrt utstyr for å skape eit "fint" lys!


PRAKTISK INFORMASJON:

Eg har valgt å kalle dette for workshop heller enn kurs, for her skal alle deltakarane praktisere i stor grad. Det er det ein lærer mest av. For å gjere dette mogeleg er det her lagt opp til små grupper. Det blir ein workshop over to dagar (i helg) med litt mellomrom. Dette betyr at alle skal få god tid til å praktisere fram til siste dag. Det heile handlar om å bli bevisst lyset, bruke det, skape det. Det gjeld både ved bruk av blitsanlegg og ved naturleg lys. På denne workshopen jobbar vi med portrettet fordi "alle" fotograferar portrett, og fordi ansiktet med sine former er eit perfekt motiv for å lære seg lys. Vi skal også lære litt meir om lys generelt.

 

Undervisninga er pedagogisk lagt opp ved bruk av digitalkamera knytta til videoprojektor slik at vi umiddelbart ser resultatet av lyssettinga! Vi har mange blitslampar til disposisjon og kan rigge fleire "studio" for fotografering!

Første dagen går over "heile dagen" (8t) med pausar, inkl. ein lenger "PIZZA-pause" midt på. Andre dagen er ca "halv dag" (5t) med småpausar.


PÅMELDING / BETALING:

 

Lengde på workshop:  8t + 5t = 13t
Stad: OKK sitt møtelokale i Trondheimsveien 139 E
Kurshaldar: Terje Skåre (22 74 67 58 / 924 33 500)
Påmelding: Mail m/overskrift "WORKSHOP LYS 2/4" eller "WORKSHOP LYS
3/4". Oppgje også tlf.nr. OBS! Om begge WS-alternativa
passar for deg: Oppgje ditt 1.valg og ditt 2.valg.
Påmeldingsfrist:  30.03.05 (WS#1 & WS#2)
Påmeldinga er bindande!
Betalingsfrist:  31.03.05 (WS#1 & WS#2)
Pris: 1950 kr (ikkje medlem OKK), 1800 kr (medlem OKK).
Pizza på dag 1 er inkludert i pris.
Kontonr: 9710 40 19904
Adresse: Fotograf Terje Skåre, Brattvollvn.207, 1164 Oslo
Merk betaling: "WORKSHOP LYS 2/4" eller
"WORKSHOP LYS 3/4" og 'DELTAKARNAMN'
Antall deltakarar:  Max 12
Forbehold dersom for få påmeldingar innan frist:  WS kan bli kan bli flytta litt utover i tid.


KURSTIDER:

Workshop # 1:
DAG 1:  Laurdag 02.04.05   kl.11.00-19.00  (8t)
DAG 2:  Laurdag 16.04.05   kl.10.00-15.00  (5t)

Workshop # 2:
DAG 1:  Søndag 03.04.05   kl.11.00-19.00  (8t)
DAG 2:  Søndag 17.04.05   kl.10.00-15.00  (5t)


I FORKANT AV WORKSHOP:

Vi startar bevistgjeringsprosessen rundt lys ved at kvar enkelt deltakar plukkar ut eit av sine eigne bilete der ein likar lyset! Kvar enkelt finn også fram eit bilete frå eit magasin eller ei bok, der ein likar lyset og gjerne skulle få til det same!
Tenk over, og prøv å setje ord på kvifor du føler at lyset fungerar på desse bileta du har plukka ut! Kan du hugse korleis du fekk til dette lyset på ditt bilete? Kan du tenkje deg kva som skulle til for at lyset blei slik på
det andre biletet (som ikkje er ditt)?


WORKSHOP DAG 1:  (8t)

Oppfrisking rundt tema lys generelt (lyset sine kvalitetar). Vi ser på bileta som deltakarane har med seg og snakkar litt rundt desse. Demonstrasjon av blitsanlegg (alle lærer korleis ein /brukar det). Vise i praksis ulike måtar ein kan lyssette (portrett) på med blitsanlegg (med bileteksempel). Vise i praksis korleis ein på beste måte kan utnytte  "vanleg" blits montert på kamera (med bileteksempel). Prøve å oppnå ein "forståelse av lyset" slik at ein evnar å
finne enkle løysingar / enkle hjelpemiddel i lyssettinga (med og utan blits).
Pedagogisk lagt opp ved bruk av digitalkamera knytta til videoprojektor slik at vi umiddelbart ser resultatet av vår lyssetting! Fotografering: Alle deltakarane fotograferar og eksperimenterar med lyssetting i mindre grupper under
veiledning.


MELLOM DAG 1 OG DAG 2:

Kvar enkelt jobbar vidare med kamerablits, med studioblits eller kun med naturleg lys. Det som er viktig er å være bevisst på lyset!


WORKSHOP DAG 2:  (5t)

Vi ser på bileta frå fotograferinga første dag, og frå  perioden mellom dag 1 og 2, for å lære av det vi har gjort. Spørsmål og svar, og repetisjon av hovudpunkt.
Eksponering av bilete ved hjelp av lommelykt og lang eksponeringstid.
Ny runde med fotografering i den grad vi får tid til det. 




Stedsbeskrivelse


Oslo

Påmelding
Lyssetting/portrett
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Pris
1950,-

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Oslo Kamera Klubb vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook