Folkehøgskole: Naturfoto
Sogndal folkehøgskuleÅ utvikle seg som fotograf er ein prosess som går over tid. Vi har som mål å skunde på denne prosessen, anten du er nybegynnar eller vidarekomen. Du vil få ei grundig innføring i basiskunnskapane i digital fargefotografering, før du går over i den meir kreative fasen.
På naturfotolinja går vi gjennom heile prosessen, frå fotograferingen, via digital bildebehandling i Photoshop CS3 på våre nye iMAC maskiner, til det ferdige bildet. Presentasjonen er på utstillingar, på internett og gjennom digitale "lysbildeshow". Vi legg stor vekt på individuell undervisning i praktiske situasjonar. Dette medfører blandt anna mange dags- og overnattingsturar. Så du må like å vere ute, gjerne under ”tøffe” klimatiske forhold, til alle årstider og gjennom heile døgnet. I seine kveldstimar eller tidleg om morgonen tek du ofte dei ”spesielle” bilda, får dei beste opplevingane og dei ”gode” refleksjonane.
Naturoppleving er viktig for naturfotografen. Du får oppleve dei mest spektakulære motiva som berre Vestlandet kan by på. Turane våre går frå kysten med fugleøya Runde, langs fjordane, elvar og fossar til Jostedalsbreen med brearmar og blåis og ikkje minst høge fjell, ein samanhengande dramatisk naturkatedral. I astrofotograferinga dukkar det opp ei ny verd – eller mange. Med ditt eige kamera, og gjennom skulen sitt teleskop, kan du ta “nærbilde” av månen, Saturn og andre planetar.
Naturfoto
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!