Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Franskkurs > Masterprogram i fransk

Universitet: Masterprogram i fransk

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Masterprogrammet i fransk har som mål å gi kunnskapar på høgt nivå i fransk språk og franskspråkleg litteratur, samtidig som det skal gi solid kompetanse i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterprogrammet siktar dessutan mot å utvikle ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innanfor dei vitskaplege disiplinane i faget.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet strekkjer seg normalt over fire semester og er sett saman av tre delar: ein basisdel på 30 sp, ein spesialdel på 30 sp og masteroppgåva på 60 sp. Emna FRAN301 og FRAN302 utgjer basisdelen av studiet, mens emna FRAN303 og FRAN304 er spesialdelen og omfattar eitt språkleg og eitt litterært særemne.

Innhaldet i særemna varierer frå semester til semester og er knytt til den særskilte kompetansen og forskingsområdet til forelesaren. Det språklege emnet kan vere henta frå syntaks, leksikologi, tekstlingvistikk eller liknande område, mens det litterære emnet for eksempel kan vere knytt til ein genre, ein periode eller eit forfattarskap.

Nokre eksempel på tema frå tidlegare semester er "Le gérondif" og "Les expressions figées" i det lingvistiske emnet, og "L´autre langue en littérature et au cinéma" og "Chronotopie et identité" i litteraturemnet.

 

Eit masterprogram i fransk kan sjå slik ut:

 

1. semester:
FRAN301 - Teori, metode og litterære verk, 15 studiepoeng
FRAN303/FRAN304 - Språkleg eller litterært særemne, 15 studiepoeng

 

2. semester:
FRAN302 - Grammatikk, omsetjing og mellomalderfransk, 15 studiepoeng
FRAN303/FRAN304 - Språkleg eller litterært særemne, 15 studiepoeng

 

3. og 4. semester:
FRAN350 - Masteroppgåve, 60 studiepoeng

FRAN303 og/eller FRAN304 kan bytast ut med eit tverrfagleg emne, for eksempel LINGMET eller LITTEHF eller - etter søknad - med eit anna passande emne.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast på fransk og er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor fransk språk, litteratur, kultur eller fagdidaktikk. Omfanget av oppgåva er normalt 70-110 sider. Du får individuell rettleiing i arbeidet.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå fagområdet du arbeider med.

Yrkesvegar

Masterstudiet i fransk gir solid kompetanse i fransk språk og innsikt i korleis moderne fransk er blitt til. Saman med kunnskap om variantar av fransk utanom Frankrike og om fransk historie og samfunn frå bachelortrinnet er studiet relevant for arbeid både i offentlege og private verksemder og organisasjonar der dette er etterspurt. Studiet gir god kjennskap til franskspråkleg litteratur og teoretisk litteraturkunnskap. Dette er relevant i produksjon og formidling av litteratur for eksempel i forlag, tidsskrift og media. Språk er også ein etterspurt kvalifikasjon i privat og offentleg kulturformidling, i eksportretta verksemder og sjølvsagt i teknisk og litterær omsetjing. Masterstudiet i fransk gir dessutan god bakgrunn for undervisningsoppgåver både i skolen og på høgare nivå. Ein mastergrad i fransk kan også vere eit utgangspunkt for vidare forskarutdanning.


Forkunnskaper


Masterprogrammet byggjer normalt på bachelorgrad med spesialisering (90 studiepoeng) i fransk. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-hf for meir om opptakskrav.

Studiepoeng


120

Påmelding
Masterprogram i fransk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook