Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Fysikk > Bachelorprogram i fysikk

Universitet: Bachelorprogram i fysikk

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
 

Fysikk er eit grunnleggjande fag som tek for seg heile naturen, frå det indre i atomkjernane til dei fjernaste galaksane. Fysikk er også fundamentet for andre naturvitskapar og for all moderne teknologi. Programmet gjer greie for det teoretiske grunnlaget for fysikken, og elles eksperimentelle metodar og naturvitskapeleg og teknologisk bruk av fysikk.

Det blir lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon av ulike problemstillingar og formidling av løysingane til andre. Studiet vil gi deg kvalifikasjonar som er etterspurde i heile samfunnet.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i fysikk skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 ½ års studium) innanfor fysikk eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Primærfaget i bachelorprogrammet er fysikk, og studiet passar for deg som har allmenn interesse for fysikk og tilgrensande fag. Sidan informasjonsteknologi blir mykje brukt i slike fag vil vi blant anna rå deg til å ta informatikk som støttefag i bachelorstudiet.

 

Dei første to semestra blir brukte til å skaffe deg naudsynt kunnskap i matematikk. Det tredje, fjerde og femte semesteret brukar vi mest tid på fysikk, med kurs som totalt sett gir eit overblikk over klassisk og moderne fysikk. I det tredje semesteret tek du eit kurs som omhandlar fleire av dei eksotiske og spennande områda i moderne fysikk som du lærte om i 2FY og 3FY. Så tek du kurs i mekanikk, elektrisitetslære, optikk, varmelære, kvantefysikk og annan moderne fysikk. I det sjette semesteret kan du velje emne som passar for det masterstudiet du ønskjer å halde fram med, eller du kan reise ut i verda for å studere eit semester. Du har også moglegheit til å ta emne om dei øvre delane av atmosfæren og lære om fjernmåling og spektroskopi ved universitetsstudia på Svalbard (UNIS).

 

Undervisningsformene i fysikk er varierte: forelesingar, laboratoriearbeid, rekneverkstad, kollokvieseminar og prosjektoppgåver. Du står fritt når det gjeld val av andre emne, men for å skaffe deg ein heilskapleg fagkrins, vil vi rå deg til å ta emne innan matematikk, fysikk, geofysikk eller informatikk. Ta kontakt med studierettleiaren for å få nærare informasjon om gode fagsamansetjingar.

 

Bachelorprogrammet i fysikk vil da sjå slik ut:

 

6. Semester
Val/utveksling

 

5. Semester
Kvantefysikk, eller signal- og systemanalyse
Laboratoriekurs med prosjektoppgåve
Val

 

4. Semester
Elektromagnetisme og optikk
Mekanikk II og termodynamikk
Grunnleggjande måleteknikk

 

3. Semester
Mekanikk I
Perspektiv i fysikk
Funksjonar av fleire variable

 

2. Semester
Grunnkurs i matematikk II
Lineær algebra
Differensiallikningar I

 

1. Semester
Ex.phil.
Grunnkurs i matematikk I
Matematikk og naturvitskap

Førstesemesterstudiet

I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, grunnkurs i matematikk I (MAT 111) , og matematikk og naturvitskap (MNF 140). Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du skal ta ved semesterstart.

Utveksling

I bachelorprogrammet i fysikk vel vi ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne eit fagtilbod som passar godt for våre studentar. For tida har vi avtaler med universitet mellom anna i Hong Kong, Cape Town, Sheffield, Roma og Heidelberg. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Yrkesvegar

Fysikarar er svært etterspurde både i industrien, i forskinga, i skoleverket og i forvaltinga. Kandidatar med solide basiskunnskapar i matematikk og fysikk er mangelvare på arbeidsmarknaden i Noreg.

Forskarane i fagmiljøet har vore særskilt opptekne av grunnforsking med ei genuint nysgjerrig haldning som drivkraft i fag som er heilt sentrale for den forståinga vi har av naturen. Desse faga dannar elles grunnlaget for den teknologien vi kjem til å nytte i framtida, og slik er dei ein viktig faktor i verdiskapinga i samfunnet.

Vidare studium

Ein bachelorgrad i fysikk dannar grunnlaget for masterstudium i

o eksperimentell fysikk

o teoretisk fysikk

o modellering

o teknologi

Forskingsoppgåva i masterstudiet i fysikk kan du velje innan følgjande fagområde:

o hydroakustikk

o målevitskap og instrumentering

o kjernefysikk

o mikroelektronikk

o optikk og atomfysikk

o partikkelfysikk

o romfysikk

o teoretisk fysikk og energifysikk




Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha realfagskravet.

 

Undervisninga i bachelorprogrammet i fysikk byggjer på 3FY og 3MX.



Studiepoeng


180 Studiepoeng

Påmelding
Bachelorprogram i fysikk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook