Universitet: Masterprogram i fysikk - Partikkelfysikk
Universitet i BergenForskingsaktiviteten spenner over eit vidt felt av aktivitetar innanfor partikkelfysikk. Vi arbeider nært saman med CERN (European Organization for Nuclear Research) og andre utanlandske senter for partikkelfysikk, der vi deltek både med utvikling og installasjon av apparatur for framtidige eksperiment så vel som med studium av data frå pågåande og avslutta eksperiment.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet i partikkelfysikk omfattar:
• eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 sp
• emne eller spesialpensum på til saman 60 sp (kva emne som skal inngå, vil avhenge av retninga på masterstudiet)
Masteroppgåve
I samråd med rettleiaren din skal du velje ei masteroppgåve som svarer til 60 sp. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva.
Masteroppgåver kan definerast innanfor alle aktivitetane som er nemnde her:
• Teoretiske studiar av partikkelfysiske prosessar og modellar (kan omfatte både matematiske utrekningar og utrekningar ved hjelp av simuleringsverktøy)
• Studium og tolking av partikkelfysiske prosessar i eksperimentelle data
• Simuleringsstudium av partikkelfysiske prosessar og
korleis dei kan observerast i eksperiment
• Instrumentering, det vil seie utprøving og utvikling av elektronisk apparatur for eksperiment i partikkelfysikk
Oppgåva vil vere av høg relevans og aktualitet i problem-stillingar innanfor dagens partikkelfysikk.
Metode
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved
sida av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Yrkesvegar
Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innanfor forskingsinstitusjonar, universitet og høgskolar, elektronikk-
og instrumenteringsverksemder og skoleverk. Mange har
også fått arbeid i informatikksektoren.
Forkunnskaper
Bachelorgrad i fysikk eller tilsvarande utdanning. Du som har bachelorgrad i andre realfagsdisiplinar eller ingeniørfag kan bli vurdert dersom fysikkbakgrunnen din kvalifiserer for mastergraden. Ei rekkje av masteroppgåvene passar bra for studentar med bachelorgrad i ingeniørfaga elektronikk (HiB), elektro (HSH, UiS) automatiseringsteknikk (HiB, HiÅ og HSF), elkraft (HiB), kommunikasjonsteknologi (HiB), elektronikk/våpen (SSK) og data (UiS). Studierettleiarar ved høgskolen og universitetet kan hjelpe deg med å gjere denne overgangen
så lett som mogleg.
Studiepoeng
120 Studiepoeng.
Masterprogram i fysikk - Partikkelfysikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!