Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Fysioterapi > Masterprogram i helsefag - Fysioterap...

Universitet: Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

Faget fysioterapi har grunnlag i praksis og empiri, og studieretninga fysioterapivitskap tek sikte på å fremje eit teoretisk og vitskapleg fundament. Kroppen og rørslene til mennesket representerer faget sin innfallsport til helse og funksjon, og rørsle er både ei målsetjing og eit middel. Fysioterapi inkluderer kartleggjande så vel som førebyggjande, rehabiliterande og lækjande siktemål, og faget spenner over ulike nivå, frå enkelte detaljfunksjonar til livsutfalding. Fysioterapi har grunnlag i ei mellommenneskeleg, problemløysande og ressursorientert tilnærming.

 

Dessutan speler faget på generative livsprosessar. Dei fagspesifikke emna skal gi fordjuping og refleksjon i forståing av kroppen og rørslene til mennesket i eit helseperspektiv. Det skal også gi grunnlag for kritisk og analytisk bruk av teoriar og metodar i fysioterapi.

Oppbygging av studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. Emna Målemetodar og evalueringsformer og Rørslevitskap er obligatoriske, mens emnet Muskel- og skjelettlidingar kan bytast ut mot emne frå andre undervisningsopplegg, kurs eller studieopphald. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

 

Masterprogrammet i fysioterapivitskap ser slik ut:

 

1. s HEL310 - Vitskapsteori og sentrale
helsevitskaplege tema
HEL320 - Forskingsmetode og -etikk
15 sp
15 sp 2. s FYST331 - Målemetodar og evalueringsformer
FYST332 - Rørslevitskap
FYST333 - Muskel- og skjelettlidingar 10 sp
10 sp
10 sp 3. og 4. s FYST395 - Masteroppgåve 60 sp

s= semester sp= studiepoeng

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. I oppgåva skal du dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng saman med den faglege fordjupinga du har valt.

Metode

Du får innføring i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar inkludert statistikk. I samband med masteroppgåva vel du metodisk tilnærming ut frå den problemstillinga du skal utforske.


Forkunnskaper


 

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.

For søkjarar med grunnutdanning i fysioterapi utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.



Studiepoeng


120 Studiepoeng

Påmelding
Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitskap
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook