Høgskole: Helse- og sosialleiing
Høgskulen i Sogn og FjordaneDette lærer du
* teoretisk og praktisk kunnskap om kommunesektoren som politisk/administrativ utøvar av velferdsproduksjon
* helse- og sosialpolitikken som ramme for utøving av rolla som helse- og sosialarbeidar og leiar
* helse- og sosialpolitikk - velferdsproduksjon og drift av grunneiningar i helse- og sosialsektoren
* organisasjonsteori, offentleg sakshandsaming og praktisk økonomistyring.
Oppbygging av studiet
Studiet er bygt opp rundt samlingar med forelesingar, seminar og gruppearbeid. Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det blir lagt vekt på ikt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet.
Det er ein føresetnad for gjennomføring at studentane har tilgang til e-post og internett.
Visste du at...
Studiet tilsvarar dei første 60 studiepoenga i Master i Organisasjon og leiing med spesialisering i helse- og sosialleiing.
Forkunnskaper
Treårig høgskuleutdanning innafor eit av dei profesjonsområda utdanninga dekkjer (til dømes sjukepleie, sosionom, vernepleie, barnevern) eller andre relevante fagkombinasjonar på bachelornivå.
- I tillegg er kravet to års relevant praksis.
-Søkjarar med realkompetanse kan bli vurdert
Studiepoeng
60
Målgruppe
Personar med fullført utdanning i helse-/sosialfag, eller andre med relevant utdanning og praksis som skal utøve leiar-/administrasjonsoppgåver i helse-/sosialsektoren.
Helse- og sosialleiing
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!