Universitet: Bachelorprogram i generell psykologi

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor generell psykologi. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande faga:

  • Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi.
  • Generell psykologi 1 gir ei innføring i biologisk psykologi, kognitiv psykologi og utviklingspsykologi. Emnet skal gi ei første forståing av menneskeleg åtferd og åtferd hos andre organismar.
  • Generell psykologi 2 gir ei innføring i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg får du kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Emnet inneheld også ei grunnleggjande innføring i forskingsmetodar.
  • Lærings- og åtferdspsykologi skal gi deg kunnskap om viktige historiske bidrag til moderne åtferdspsykologi, teoretiske og empiriske bidrag og anvende metodar og kunnskapar i lærings- og åtferdspsykologi.
  • Affekt og kognisjon skal gi ei innføring i dei viktigaste teoriane og perspektiva på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Gjennom dette emnet vil du få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.
  • Psykologiske forskingsmetodar skal gi ei brei innføring i kvalitativ og kvantitativ metode, og ei innføring i statistikkpakke (program).
  • Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Gjennom arbeidet med oppgåva vil du utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som blir stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein passande arbeidsmåte.
  • Valfrie emne kan du velje blant så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å spesialisere deg innan retningane skole, helse og arbeids og organisasjonspsykologi, samt og ta emne innan psykologi, samfunnsvitskap, økonomi og humaniora.

Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er lagt opp.

1. semester:

  • Examen philosophicum
  • Examen facultatum, psykologi
  • Innføring i psykologi

2. semester:

  • Generell psykologi 1
  • Generell psykologi 2

3. semester:

  • Lærings- og åtferdspsykologi
  • Affekt og kognisjon

4. semester:

  • Forskingsmetodar
  • Valfritt emne

5. semester:

  • Valfrie emne

6. semester.

  • Valfritt emne
  • Bacheloroppgåve

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.

Yrkesvegar

Avhengig av fagkombinasjonen vil studiet gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike delar av det private næringslivet, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogram i psykologi. UiB tilbyr ikkje masterprogram i generell psykologi, men bachelorprogrammet kvalifiserer for å kunne søkje opptak til masterprogram i psykologi ved andre utdanningsinstitusjonar i inn- og utland, mellom anna ved UiO, NTNU og UiT, og for opptak til andre mastergrader ved UiB.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanseudiepoeng



Studiepoeng


180 St





Be om gratis info
Bachelorprogram i generell psykologi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere