Universitet: Profesjonsstudiet i psykologi

Universitet i Bergen

Klasserom6 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



Profesjonsstudiet i psykologi fører fram til cand.psychol.-graden, som er grunnlaget for å bli autorisert og kunne praktisere som psykolog. Studiet er seksårig og består av eit eittårig årsstudium medrekna ex.phil. og ex.fac., følgt av eit femårig psykologstudium.

Fagleg innhald

Profesjonsstudiet i psykologi tek utgangspunkt i «Standarder for norsk psykologeksamen», og gir deg ei brei innføring i psykologi, både som akademisk fagfelt og som profesjonelt verkeområde.

Studiet er bygd opp omkring ein «forskar-og-praktikar-modell». Formålet er å gi ei innføring i psykologiske teoriar, forskingsmetodar og forskingsbasert kunnskap på den eine sida og grunnkompetanse innanfor dei sentrale arbeidsområda for psykologar (klinisk psykologi, pedagogisk psykologi, nevropsykologi, samfunnspsykologiske fag og forsking) på den andre sida.

 

Målet er at du skal tileigne deg den teoretiske, praktiske og etiske kunnskapen som ligg til grunn for psykologar si yrkesutøving på ei rekkje område. I så måte byggjer profesjonsstudiet i psykologi på ein generalistmodell som legg grunnlaget for seinare spesialisering, både innan forsking og praktiske arbeidsområde. Du opparbeider deg kunnskap om mennesket si normale åtferd og utvikling, psykiske lidingar og avvikande åtferd gjennom undervisning, pensumlesing og praksis under rettleiing.

Oppbygging

Profesjonsstudiet har ei normert studietid på seks år, og er sett saman av årsstudiet i psykologi (1 år) og psykologstudiet (5 år). Psykologstudiet er delt inn i to avdelingar, 1. og 2. avdeling, som kvar utgjer eit fulltidsstudium på 2½ år.

Årsstudiet er sett saman av innføringsemne samt generell psykologi 1 og generell psykologi 2.

  • Det første semesteret består av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Desse emna skal gi ei innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi.
  • Generell psykologi 1 skal gi ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi.
  • Generell psykologi 2 skal gi den første fordjupinga i personlegdomspsykologi, sosialpsykologi og forskingsmetode.

Psykologstudiet

Psykologstudiet består av to avdelingar, 1. og 2. avdeling.

  • Første avdeling er på fem semester og dekkjer teoretisk og metodisk innføring i dei psykologiske basalfaga utviklingspsykologi, biologisk og medisinsk psykologi, kognitiv psykologi, sosialpsykologi og personlegdomspsykologi. Du får solid og samansett teoretisk kunnskap om dei ulike områda av psykologien, og om det vitskaplege grunnlaget og metodar i psykologien. Dette er grunnlaget både for forskaropplæringa og for opplæringa i anvend psykologi som kjem i andre avdeling.
  • Andre avdeling omfattar både teoriundervisning og praktisk opplæring i dei utøvande disiplinane. Dette gjeld blant anna klinisk psykologi, nevropsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogisk psykologi og samfunnspsykologi. Praksisopplæringa går føre seg ved dei fire klinikkane ved fakultetet (over 3 semester) og ved eksterne institusjonar (18 veker). I studiet er det lagt vekt på undervisnings- og læringsformer med mykje studentaktivitet. Dei omfattar blant anna oppgåveskriving, presentasjon av fagleg stoff på seminar, erfaring som undervisningsassistent og praksis med rettleiing. Alle skal skrive ei hovudoppgåve i slutten av studiet.

Studieplanen for psykologstudiet er fast, og alle studentane på eit kull har same studieopplegg.

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På profesjonsstudiet i psykologi vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i utdanninga di. Du kan for eksempel studere ved universitet i Italia, Sør-Afrika, Spania og Sverige.

Yrkesvegar

Cand.psychol.-graden gir grunnlag for autorisering som psykolog. Dei vanlegaste arbeidsområda er helsevesenet, forsking og undervisning, skolevesenet, organisasjonar, sosialsektoren og private verksemder. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og private, og det er derfor gode moglegheiter for nyutdanna psykologar.



Forkunnskaper


Opptak til psykologstudiet skjer internt på fakultetet, ikkje gjennom Samordna opptak (SO). Du søkjer ikkje på bakgrunn av karakterar frå vidaregåande skole, men karakterar frå årsstudiet i psykologi, medrekna ex.phil. og ex.fac. For å kunne søkje opptak til psykologstudiet må ex.phil. og ex.fac. vere greidd. Karakteren på dei tre andre emna tel ved opptaket.



Studiepoeng


300 Studiepoeng





Be om gratis info
Profesjonsstudiet i psykologi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere