Universitet: Årsstudium i psykologi

Universitet i Bergen

Klasserom1 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Du kan studere alle opne emne innan dei psykologiske faga, eller dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet.

 

Det er altså fleire måtar å fylle eit årsstudium på:

 

1. Du kan velje dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet

 

2. Du kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag

 

3. Du kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen

Oppbygging

Viss du ønskjer å kvalifisere deg for opptak til psykologstudiet, må du ta eit førstesemesterstudium med ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi (til saman 30 studiepoeng), samt generell psykologi 1 (15 studiepoeng) og generell psykologi 2 (15 studiepoeng).

Det første semesteret består av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi. Desse emna gir ei innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, i tillegg til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget psykologi.

  • Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Formålet med studiet er å gi ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkjemåte, særleg i forhold til psykologiske grunnlagsproblem.
  • Examen facultatum tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin.
  • Innføring i psykologi skal gi ei overordna innsikt i den psykologiske vitskapen. Du lærer blant anna om psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom.

Det andre semesteret byggjer på det første semesteret og omfattar ei vidare innføring i psykologi som vitskap. Studiet tek opp sentrale problemstillingar, teoriar og forskingsresultat.

  • Generell psykologi 1 skal gi ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Kurset tek sikte på å gi ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd hos andre organismar.
  • Generell psykologi 2 skal gi ei fordjuping i psykologifaget sitt sosiale fundament. I tillegg vil du få vidare kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Kurset inneheld også ei innføring i psykologifaget sine forskingsmetodar.

Fagstudium

I eit eittårig fagstudium står du fritt til å setje saman alle opne emne innan psykologiske fag. Det blir tilbode opne emne innan generell psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, personalpsykologi og pedagogikk. Du kan inkludere eller ekskludere ex.phil. og andre førstesemesteremne.

Fritt valte emner

Samansetjinga av emne i løpet av studieåret vel du sjølv. Du kan velje emne frå berre eitt av dei psykologiske faga, eller du kan velje blant andre opne emne ved Universitetet i Bergen. Viss du er usikker på om du vil gå vidare på eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt, kan det vere lurt å ta ex.phil. og andre førstesemesteremne. Dei emna er obligatoriske viss du vil ha ein bachelorgrad. I tillegg kan det vere ein grei måte å starte livet som student på, både fagleg og sosialt.

 

Yrkesvegar

Årsstudiet i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike delar av privat verksemd, i ideelle organisasjonar og i ulike delar av helsevesenet og liknande, der psykologisk fagkunnskap er etterspurd. For å bli psykolog må du bli teken opp på og fullføre psykologstudiet.

Vidare studium

Eit årsstudium i psykologi som består av ex.phil. , ex.fac., innføring i psykologi og generell psykologi 1 og 2 kvalifiserer for opptak til psykologstudiet.

Avlagde eksamenar i årsstudiet vil kunne brukast i ein bachelorgrad viss du søkjer overgang til eit bachelorprogram på eit seinare tidspunkt.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.



Målgruppe


Årsstudium i psykologi er eit søknadsalternativ for deg som seinare har planar om å søkje psykologstudiet (fem år) eller for deg som berre har tenkt å studere fag ved Universitetet i Bergen i eitt år og som ikkje har planar om å ta ein grad. Det kan også vere eit alternativ for deg som ønskjer å studere nokre fagemne for å supplere ei allereie påbegynt utdanning eller for å samle tilleggspoeng til ei anna lukka utdanning.





Be om gratis info
Årsstudium i psykologi hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere