Universitet: Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Universitet i BergenÅrsstudiet skal først og fremst gi studentane øving i praktisk skriftleg og munnleg, og teoretisk innsikt i, moderne spansk og spanskamerikansk språk. Studiet skal vidare gi studentane innsikt i spanskamerikansk littteratur, ferdigheiter i litteær analyse og eit oversyn over dei viktigaste litterære epokar og retningar i spanskamerikansk litteratur. Studenten skal og tileigne seg eit oversyn over samfunna i dei spansktalande landa i Latin-Amerika, deira kultur og historie.
Oppbygging
Studiet startar om våren, og går over to semester. I vårsemesteret tar studentane følgjande emne: SPLA101 / Spansk grammatikk og omsetjing (15stp) SPLA104 / Kultur og samfunn i Latin-Amerika (15stp) Om hausten tar studentane to av følgjande tre emne: SPLA102 / Latinamerikansk litteratur (15 stp) SPLA103 / Latinamerikansk kulturkunnskap (15stp) SPLA105 / Spansk språk II (15 stp) For å kvalifisere for opptak til PPU, må SPLA105 gå inn som emne på 100-nivå.
Forkunnskaper
For å gjennomføra emnet på normert tid, treng ein forkunnskapar som svarar til minst B/C-språk i spansk frå vidaregåande skule med godt resultat. Før du byrjer på 100-nivå i spansk, bør du ta ein diagnostisk test for å få ei peikepinn på kva språkleg nivå du ligg på ved starten av studiet.
Studiepoeng
60
Målgruppe
-Studentar som skal ha påbygging på anna utdanning -Dei som treng fagleg vidareutdanning -Førebuing til anna utdanning (t.d. studiar i utlandet) Alle emna som inngår i årsstudiet kan og gå inn som del av eit bachelorprogram. Søkjarar som har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør søkje opptak på eit bachelorprogram. Kontakt studierettleiar viss du er i tvil om kva du bør søkje.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!