Universitet: Masterprogram i geografi
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet er todelt og omfattar ein teoridel og ei praktisk/teoretisk masteroppgåve. Masterprogrammet i geografi kan leggjast opp og gjennomførast på fleire måtar.
Masterprogrammet i geografi kan sjå slik ut:
1. sSkrivekurs og prosjektskisse (obligatorisk)Vitskapsteori og forskingsdesign
Særemne for dei ulike studieretningane 2. sSemesteroppgåve, metodekurs, feltkurs for naturgeografarSommarenFeltarbeid som kan strekkje seg ut i 3. semester3. og 4. sSkriving og innlevering av masteroppgåve (obligatorisk)
s= semester sp=studiepoeng
Masteroppgåve
Oppgåva gir tematisk spesialisert kunnskap som er tenleg i undervisning, utgreiings- og forskingsoppgåver og for arbeid i offentleg forvalting og privat næringsliv. Du skal lage ei prosjektskisse og gjennomføre eit sjølvstendig praktisk og teoretisk forskingsprosjekt under rettleiing. Oppgåva byggjer normalt på feltarbeid i inn- eller utland.Metode
Metodisk er faget vel så kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar er derfor ein sentral og metodisk del av faget, både i undervisninga og i masteroppgåva. Masteroppgåva kan dessutan basere seg på spesielle geografiske metodar som kartografi, GIS (geografiske informasjonssystem)og fjernanalyse.
Yrkesvegar
Geografar jobbar i offentleg forvalting og i det private næringslivet. Dei seinare åra har dei fleste gått inn i stillingar som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar. Fleire arbeider med forsking, i oljeverksemda, i databransjen og med utviklingsspørsmål hos bistandsorganisasjonar.Forkunnskaper
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjend spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 12 års studium) tilpassa dei ulike studieretningane innanfor bachelorgraden i geografi.
Følgjande studieplanar er førehandsgodkjende:
- Bachelorgrad i geografi ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HINT) med emna GEO101, 104, 105, 106 og 108, samt Met301 og GEO350 blir godkjend som fordjuping i geografi.
- Bachelorgrad i samfunnsplanlegging og kulturforståing ved Universitetet i Tromsø (UiT) med emna SPL-102, SPL-2001, SPL-2003, SVF-1050 og SVF-2005 blir godkjend som del av fordjuping i geografi. For opptak på masterprogrammet må studenten i tillegg ha teke 20 sp i geografiemne ved eit anna universitet eller ein annan høgskole i Noreg eller i utlandet.
- Bachelorprogram i samfunnsanalyse med fordjuping i samfunnsgeografi og globalisering ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) blir godkjent som fordjuping i geografi.
Opptakskrav
Dersom det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Gjennomsnitt for dei to siste opptaka har vært 29,7 konkurransepoeng. Sjå studere.uib.no/master-sv for utrekning av konkurransepoeng.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i geografi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!