Universitet: Bachelorprogram i geologi
Universitet i BergenStudiet i geologi omhandlar samansetjing, oppbygging og historisk utvikling av jorda gjennom 4,5 milliardar år. For å forstå dette er feltarbeid ein viktig del av studiet, saman med teori og meir eksperimentelle studium. Studiet byggjer på nysgjerrigheitsdriven forsking og kombinerer ein brei teoretisk plattform med praktisk arbeid gjennom ei rekkje feltkurs og opplæring i ulike metodar.
Studiet gir kunnskapar og kompetanse som kvalifiserer til ulike yrke. Du vil kunne løyse aktuelle samfunnsmessige problemstillingar innan geovitskap, for eksempel det som gjeld petroleumsressursar, og lære om korleis leiting og produksjon går føre seg. Også klimautvikling og ulike miljøproblem står sentralt.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i geologi skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1½ års studium) innanfor geologi eller ein godkjend fagkombinasjon. 60 studiepoeng er valfag.
Spesialiseringa i programmet inneheld emne innanfor geologi og jorda si fysikk, og går over to år. Parallelt med dette tek du også valfag eller støttefag. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Spesialiseringa gir eit solid fundament både teoretisk og praktisk. Viktige omgrep, strukturar og prosessar (både fysiske og geologiske) innan alle fagretningane i geologi vil bli drøfta.
Det første året inneheld innføringsemne og ei allmenn innføring i geologi og jorda sin fysikk, teoretisk og praktisk. Det andre året vil innehalde emne som tek for seg jordskorpa (samansetjing, historisk utvikling og omdanning). Det siste året gir ei innføring i utvikling av sediment og sedimentære strukturar og i den yngre historia til jorda. Vi vil sjå på korleis istidene har vore med på å utforme jordoverflata og danne nye jordartar. Programmet blir avslutta med eit stort felt- og metodekurs der du får prøvd teori og praksis på ein meir sjølvstendig måte. Undervisninga varierer etter innhaldet i emnet og etter arbeidsform, men vil kombinere fleire ulike læringsformer. Det blir blant anna nytta forelesingar, seminar, kollokvium, laboratorie- og rekneøvingar, feltkurs, ekskursjonar og prosjektarbeid.
Bachelorprogrammet i geologi vil da sjå slik ut:
6. semester
Felt- og metodekurs i geologi
Marin geologi/Val
5. semester
Innføring i kvartærgeologi/Innføring i geokjemi
Innføring i sedimentologi
Val
4. semester
Innføring i strukturgeologi og tektonikk
Innføring i historisk geologi
Val
3. semester
Innføring i mineralogi og petrogra
Val
2. semester
Jordas fysikk I
Ekskursjonar og øvingar i geologi
Innføring i geologi
1. semester
Ex.phil.
Matematikk
Val
Vi vil rå deg til å ta ein del basisfag som kjemi, matematikk, fysikk, biologi, eller informatikk. Omfanget av kvart støttefag er avhengig av kva studieretning du ønskjer.
Førstesemesterstudiet
I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit valfritt emne. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart.Utveksling
Viss du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil vi rå deg til å gjere dette i det fjerde eller sjette semesteret. Du har mange alternativ, både i og utanfor Europa. Det finst blant anna tilbod om spesielt tilrettelagde delstudium ved universitet i USA (Hawaii). Men det å studere i utlandet krev ein del planlegging. Du bør derfor ta kontakt med studierettleiaren din ved instituttet så tidleg som mogleg.Yrkesvegar
Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustri og private bedrifter, konsulentverksemd, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og skoleverket.Vidare studium
Studieprogrammet gir grunnlag for masterstudium i geovitskap.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha realfagskravet.
Studiepoeng
180 studiepoeng
Bachelorprogram i geologi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!