Mediekurs, film og TV
Grafisk design
Hordaland
Du har valgt: Voss
Nullstill
Filter
Ferdig

-

1 treff ( i Voss ) i Grafisk design

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Voss 2 år
På forespørsel
Likar du å teikne, fotografere, forme, måle, eksperimentere, style, utforske materialar og utvikle eigne idear til ferdige produkt? [+]
Som fagarbeidar i design og handverksfag må du kunne samarbeide og kommunisere med oppdragsgjevarar, kundar og medarbeidarar på ein høfleg og korrekt måte. Du må vere nøyaktig og kreativ, du må like å eksperimentere og ha syn for estetikk. Krava til tryggleik, kvalitet og miljø er høge. Du vil difor lære å utføre arbeid i samsvar med krav til tryggleik, miljø og kvalitet, lover og føresegner. Utviklinga innan design og handverksfag skjer raskt, og  handverkarar og kunstnarar blir påverka av og er opptekne av internasjonale trendar. Gode teoretiske og praktiske kunnskapar i programfaga i tillegg til språkkunnskapar er difor viktig.   I tillegg til 17 timar programfag og 6 timar prosjekt til fordjuping skal du ha 12 timar fellesfag (allmenne fag) første året. I prosjekt til fordjuping vil du kunne fullføre studiekompetanse i utvalde fag eller du kan fordjupe deg i eit aktuelt lærefag.   Å kunne bruke IKT som verktøy er viktig i alle fag. Delar av opplæringa skjer difor ved hjelp av PC. Skulen har eit godt kontaktnett i det lokale næringslivet. Praksis i aktuelle handverksbedrifter og hjå kunstnarar er lagt inn i opplæringa.   Utdanningsprogrammet Design og handverk opnar for yrkesval retta mot tekstil og design, design- og trearbeid, smed, børsemakar, gullsmedarbeid, pianostemming og pianoteknikk, blomsterdekoratør, interiør og utstilling, frisør, ur- og instrumentmakar og aktivitør. På skulen vår kan du frå hausten 2007 velje programområdet Frisør på Vg2 (Vidaregåande trinn 2).   Dersom du vel utdanningsprogrammet Design og handverk, kan du etter 2 år opplæring i skule velje mellom nærmare 40 lærefag. Med Vg2 Frisør kan du etter 2 år i lære ta fagbrev i frisørfaget. [-]
Les mer