Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Gresk > Masterprogram i gresk

Universitet: Masterprogram i gresk

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
På masterprogrammet i gresk skal ein først auke den generelle kunnskapen om gresk litteratur frå ulike sjangrar og tidsperiodar ved å lese eit tekstpensum som er valt ut for å utfylle det du har lese på lågare nivå. Det blir no stilt større krav enn på bachelornivå når det gjeld å kunne forstå tekstane og på eiga hand hente inn kunnskap i samband med lesinga. I løpet av dei fire semestra studiet varer skal du dessutan ta del i metode- og oppgåveseminara til seksjonen, med gradvis auka krav til aktiv medverking, og i dei forskarkursa som blir arrangerte over relevante tema og metodar. Arbeidet med masteroppgåva skal gjere deg i stand til å skaffe deg eit kritisk overblikk over primærmateriale og forsking som tidlegare har blitt gjort på emnet. Du skal også lære å bruke vitskaplege metodar på materialet i praksis.

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i gresk kan sjå slik ut:

1. semester:

GRE301- Gresk tekstpensum I 15 sp

GRE303- Gresk valemne 15 sp

2. semester:

GRE304- Metodekurs 10 sp

GRE305- Særpensum 10 sp

GRE306- Prosjektførebuing 10 sp

3. og 4. semester:

GRE350- Masteroppgåve 60 sp

sp= studiepoeng

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid som viser forståing, refleksjon og modning. Oppgåva skal vise at du kan arbeide med og tolke eit tekstleg kjeldemateriale, at du er fortruleg med vitskapleg metode, og at du meistrar litteratursøking og bruk av forskingslitteratur og tekstbasar. Arbeidet med masteroppgåva står i sentrum for studiet og skal utførast under individuell rettleiing. Du skal her bruke og dokumentere greske språkkunnskapar, andre relevante forkunnskapar og metodisk handlag. Temaet kan gjelde litterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. frå den antikke mellomalderen eller tidleg moderne tid. Problemstillinga kan vere av språkleg eller litteraturvitskapleg art (eller nærme seg religionshistorie, resepsjonshistorie osv.), men det er studiet av tekstar som skal vere grunnlaget.

Metode

Filologiske studiar av tekstar på originalspråket er sjølve grunnlaget. Det kan gjelde litterære eller faglitterære tekstar, innskrifter, historiske dokument osv. Men ettersom dei problema som masteroppgåva er konsentrert om kan vere av språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religions-historisk, resepsjonshistorisk (osv.) karakter, blir også andre metodar relevante.

Yrkesvegar

Ein mastergrad i gresk vil kvalifisere for arbeid innan skolesektoren og forskingsinstitusjonar på høgare nivå, for eksempel forlag, aviser og kulturformidling. Graden gir dessutan eit godt allment grunnlag for arbeid i verksemder som verdset avansert språkleg kompetanse, kritisk-analytisk evne og innsikt i dei lange linjene i den europeiske kulturhistoria.

 

 




Forkunnskaper


Studiet byggjer på bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i gresk på minst 90 studiepoeng. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng i spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Studiepoeng


120

Påmelding
Masterprogram i gresk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook