kurs >
Helsefagarbeider > Bachelorprogram i helsefremmande arbeid
Universitet: Bachelorprogram i helsefremmande arbeid
Universitet i BergenDette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 105 studiepoeng med spesialisering innanfor helsefremjande arbeid. Alle eller delar av dei siste 45 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Studiet er bygd opp av dei følgjande faga:
- Det første semesteret består av tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid. Desse emna gir ei grunnleggjande innføring i ulike tenkjemåtar kring kunnskap og vitskap generelt, ein introduksjon til fagspesifikk historie og vitskapsteori, og ei innføring i faget pedagogikk og helsefremjande arbeid.
- Psykologiske forskingsmetodar gir ei innføring i metode, og emnet tek føre seg både kvalitative og kvantitative forskingsmetodar.
- Helsefremjande arbeid, helsepsykologi og positiv psykologi vil gi ein introduksjon til ulike tilnærmingar som er viktige for feltet helsefremjande arbeid.
- Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk set fokus på ulike forvaltingsnivå, utviklinga av helsetenesta, og kva for ideologiske, politiske og lovmessige føringar som set rammer for åtferd og tiltaksarbeid.
- Helseøkonomi gir deg blant anna innsikt i metodar for evaluering av helsetiltak, betalings- og finansieringssystem i helsesektoren, marknads- og konkurranseformer ved produksjon av helsetenester, marknader for legemiddel, og fordeling av helsetenester i befolkninga.
- Litteratursøk og litteratursyntese vil gi deg kjennskap til ulike informasjonskjelder og lære deg å definere informasjonsbehov og utvikle søkestrategiar, i tillegg til å gi deg ei forståing av kva som ligg i omgrepet kjeldekritikk.
- Historiske og kulturelle perspektiv på helse vil setje helsefremjande arbeid inn i ein større historisk og kulturell samanheng.
- Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak vil leggje vekt på utvikling av kunnskap omkring metodar som måler effekt av tiltak. Målet er å forstå implementering, effekt av og mekanismar i tiltak betre.
- Bacheloroppgåva skal gi ei innføring i korleis eit fagleg sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Studentane skal utvikle ei vitskapleg tilnærming til eit større skrifteleg arbeid. Oppgåva er også ei god moglegheit til å gå grundig inn i eit relevant tema.
- Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi tilrår fag innan samfunnsvitskap, økonomi, humaniora, psykologi og helsefag.
Nedanfor ser du korleis bachelorprogrammet i helsefremjande arbeid er lagt opp:
1. semester
- Examen philosophicum
- Examen factultatum, psykologi
- Innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid
2. semester
- Helsefremjande arbeid og helsepsykologi
- Forskingsmetodar
3. semester
- Folkehelse, epidemiologi og offentleg helsepolitikk
- Helseøkonomi
- Litteratursøk og litteratursyntese
4. semester
- Utvikling og evaluering av helsefremjande og førebyggjande tiltak
- Historiske og kulturelle perspektiv på helse
5. semester
- Valfrie emne
6. semester
- Valfritt emne
- Bacheloroppgåve
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Du må gjerne ta eitt eller fleire emne ved utanlandske universitet. Det er ein fordel om du reiser ut i den valfrie delen av programmet.Yrkesvegar
Utdanninga opnar for arbeid i helseforvaltinga, frivillige organisasjonar og anna arbeidsliv der kunnskap om folkehelse, helsefremjande arbeid og førebyggjande arbeid er etterspurd.Vidare studium
Studiet gir grunnlag for opptak til ulike masterstudium innanfor helsefag.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Studiepoeng
180 studiepoeng
Påmelding
Bachelorprogram i helsefremmande arbeid
Bachelorprogram i helsefremmande arbeid
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Felt som er merket med * må fylles ut
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!