Universitet: Integrert masterprogram i farmasi
Universitet i BergenFarmasi er læra om legemiddel. Faget står i skjeringspunktet mellom naturvitskap og medisin, og har element frå begge. Viktige emne i studiet er kjemi, farmakologi, biokjemi, fysiologi samt syntese, analyse, produksjon, verkemekanisme og bruk av legemiddel i klinisk pasientbehandling og i samfunnet.
Oppbygging
Farmasistudiet er hovudsakeleg bygd opp med tre emne i kvart semester. Enkelte emne vil du ta saman med medisinstudentar eller med studentar innan matematisk- naturvitskaplege fag, mens andre emne vil berre bli gitt til farmasistudentar. I dei fleste emna vil farmasistudentane ha si eiga gruppe. Mange av emna som inngår i farmasistudiet har praktiske øvingar. Du vil vere mykje på kjemilaboratoria, og du vil også ha laboratorieøvingar i biokjemi og i til dømes galenisk farmasi. I tillegg vil du ha til saman eit halvt års praksis på ein farmasøytisk arbeidsstad.
Gjennom farmasiutdanninga vil du få ein brei fagleg basis der du vil lære fag som kjemi, cellebiologi, fysiologi, anatomi og mikrobiologi. For å bli ein legemiddelekspert treng du også meir spesialiserte emne som farmakognosi, farmakologi og galenisk farmasi. Farmakognosi er læra om naturlegemiddel. I farmakologien lærer du om korleis legemiddel verker inn på kroppen. Emnet galenisk farmasi omhandlar teknologien bak den fysiske utforminga av legemiddelet: korleis ein lagar tablettar, injeksjonsvæsker og andre legemiddelformer.
I den siste delen av studiet vil du kunne velje ei fordjuping og spesialisering som fører fram til mastergrad. Det er mange spennande fagområde å velje mellom. Du kan velje tradisjonelle studieretningar innan farmasi som legemiddelkjemi, farmasøytisk biokjemi, farmakologi, samfunnsfarmasi og klinisk farmasi. Det er også mulig å velje områder som legemiddeløkonomi, akvatisk farmasi og global farmasi.
Profesjonsstudiet i farmasi kan sjå slik ut:
1. semester HAUST
-Ex. phil MOSEM
-Matematikk
-Samfunnsfarmasi I
2. semester
-Kjemi og energi
-Organisk kjemi
-Organisk syntese og analyse
3. semester
-Biokjemi
-Kjemisk termodynamikk
-Molekylær cellebiologi
4. semester
-Legemiddelkjemi
-Analytisk kjemi
-Farmakognosi
5. semester
-Farmasøytisk mikrobiologi
-Fysiologi og anatomi
-Farmakologi I
6. semester
-Farmakologi II
-Farmakologi III
-Farmasøytisk forskingsmetodikk
7. semester
-Samfunnsfarmasi II
-Galenisk farmasi
-Clinical skills
8. semester
-Rettleia praksis
-Studieretningsfag
9. og 10. semester
-Studieretningsfag
-Masteroppgåve
Førstesemesterstudiet
I det første semesteret vil du studere samfunnsfarmasi, examen philosophicum og matematikk, og du vil ha ein kort hospiteringsperiode i apotek. I examen philosophicum vil du få eit innblikk i den idétradisjonen som universitetet står for. I emnet matematikk vil du lære grunnleggjande verktøy som vil kome til nytte seinare i studiet. I hospiteringsperioden vil du få eit lite innblikk i korleis det er å arbeide som farmasøyt, og du vil bli kjend med farmasøytar. I samfunnsfarmasiundervisninga vil du møte farmasøytar frå ulike delar av arbeidslivet, og du vil få eit innblikk i kva farmasien betyr for samfunnet.Utveksling
Undervisinga i Galenisk farmasi er lagt til University of East Anglia i 7. semester for alle studentar på profesjonsstudiet i farmasi.Yrkesvegar
Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Som provisorfarmasøyt vil du få ekspedisjonsrett for legemiddel og gifter på resept. Tidlegare var manuell tilverking av legemiddel ein viktig del av arbeidet til ein farmasøyt. I dag blir dei fleste legemidla produsert industrielt, og yrkesrolla er endra til å omfatte rådgiving, undervisning, forsking og leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd. Farmasøyten vil i framtida spele ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten. Andre oppgåver kan vere legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den einskilde pasienten og vurdering av korleis ulike legemiddel kan brukast saman.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 2FY + 3KJ.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er ein føresetnad for å gjennomføra delar av farmasistudiet.Studiepoeng
300 Studiepoeng
Integrert masterprogram i farmasi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!