Universitet: M.Phil. - Health Promotion
Universitet i BergenMasterprogrammet har som mål å lære deg opp til å bli spesialist innan helsefremjande arbeid. Det overordna målet med helsefremjande arbeid (health promotion) er å arbeide for forbetringar innan helse, og for å redusere nasjonale og globale helseskilnader. Eit vidt definert helseomgrep blir lagt til grunn, og god helse inneber å kunne medverke som sjølvstendig samfunnsmedlem på ein meiningsfylt måte.
All undervisning blir gitt på engelsk.
Oppbygging av studiet
Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman
60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.
Masterprogrammet kan sjå slik ut:
1. og 2. s
Foundations of Health Promotion
Research Methods Module
Health Promotion Practice Module
20 sp
10 sp
10 sp
2. - 4. s
Elective module
Masteroppgåve
20 sp
60 sp
s= semester sp= studiepoeng
I løpet av det første året skal du også lage ein prosjektplan for masteroppgåva.
Masteroppgåve
Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som skal gi deg høve til å bruke kunnskap du har tileigna deg i løpet av det første året på studiet. Oppgåva skal vere på om lag 50 sider (om lag 17 500 ord).Yrkesvegar
Forsking og undervisning, arbeid i offentlege og private organisasjonar, HMS-arbeid, internasjonalt arbeid og praktisk helsefremjande arbeid.Forkunnskaper
Opptaksgrunnlag
Du som søkjer masterprogrammet må ha akademiske kvalifikasjonar som tilsvarar ein bachelorgrad, eller alternativt ein kombinasjon av utdanning og yrkeserfaring som gir kvalifikasjonar på tilsvarande nivå. Du må også ha spesielt god kompetanse innan minst eitt av fagområda eller profesjonane som er mest relevante for helsefremjande arbeid. Dette omfattar, men er ikkje avgrensa til, psykologi, sosiologi, medisin, odontologi, folkehelse, antropologi, økonomi og pedagogikk.
Du må dokumentere at du er dugande i engelsk - både i lesing, skriving og forståing. Dette er viktig fordi engelsk er det språket som blir nytta i undervisninga, ved eksamenar, i skriftlege arbeid som skal innleverast og i masteroppgåva.
Søknaden må innehalde eit støttebrev med ei faglig vurdering av søkjaren.
Opptakskrav
Opptakskrava inkluderer bachelorgrad eller liknande i eit fag med relevans for helsefremjande arbeid, og gode engelskkunnskapar. Opptakskomiteen vurderer søkjarane sin yrkesmessige og faglege bakgrunn, samt karakterar.Studiepoeng
120 Studiepoeng
M.Phil. - Health Promotion
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!