Universitet: Masterprogram i farmasi for reseptarer
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet i farmasi for reseptarar er koordinert av Senter for farmasi, og emna som inngår i studiet blir gitt av Det medisinske og Det matematisk- naturvitskaplege fakultet. Du vil følgje ein eigen undervisningsplan, og frå det andre året i studiet vil du kunna velja studieretningsemne som vil vere ein del av mastergrada di. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som vert utført med rettleiing frå ein vitskapeleg tilsett. Omfanget av oppgåva er på 50 studiepoeng.
Masteroppgåve
Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som blir utført med rettleiing frå ein vitskapleg tilsett. Omfanget av oppgåva er på 50 studiepoeng. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Målet er at du skal utvikle dugleik og haldningar som viser evne til sjølvstendig problemløysing ved innhenting av relevant informasjon, fagleg argumentasjon og kritisk vurdering. Du vel sjølv kva for fagfelt du ønskjer å arbeida med, og det er mange spennande område å velje mellom. Aktuelle fagfelt vil vere legemiddelkjemi, farmakognosi, farmakologi, samfunnsfarmasi, legemiddeløkonomi, akvatisk farmasi, klinisk farmasi, farmasøytisk biokjemi og globalfarmasi.Yrkesvegar
Mastergraden i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Graden tilfredstiller også EU sine krav til farmsøytutdanning. Tidlegare var manuell tilverking av legemiddel ein viktig del av arbeidet til ein farmasøyt i apotek. I dag blir dei fleste legemidla produsert industrielt, og yrkesrolla er endra til å omfatte rådgiving, undervisning, forsking, leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd. Farmasøyten vil i framtida spele ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten. Andre oppgåver kan vere legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den einskilde pasienten og vurdering av korleis ulike legemiddel kan brukast saman. I tillegg kvalifiserer mastergraden mellom anna til eit doktorgradsstudium.Forkunnskaper
For å bli teken opp til studiet må du ha fullført 2,5 eller 3-årig reseptarutdanning innan studiet startar. Gjennomsnittkarakteren for dei eksamenar som inngår i det faglege grunnlaget må vera C eller betre.
Faga som inngår i fyrste delav studiet byggjer på generelle opptakskrav for profesjonsstudiet i farmasi (2MX/2MY/3MZ + 2FY + 3KJ), men dette er ikkje eit opptakskrav for masterprogram i farmasi for reseptarer. Det er likevel tilrådd å ha forkunnskapapar tilsvarande 2MX/2MY/3MZ
Karakterar frå reseptarutdanninga, omfanget av relevant praksis som reseptar og eventuell utdanning utover reseptarutdanninga vil vere kriteria for rangering av søkjarar.
Studentar som går siste året på reseptarutdanninga kan søkja opptak til studiet. Opptak skjer då på grunnlag av karakterar så langt i studiet. Vitnemål for fullført reseptarutdanning må ettersendast.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i farmasi for reseptarer
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!