Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Helsefagarbeider > Medisinstudiet

Universitet: Medisinstudiet

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
6 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

Graden

Profesjonsstudiet i medisin fører fram til graden cand.med.

Studiet tek 6-6½ år.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studentane ha:

- Tileigna seg kunnskap om dei biologiske, psykiske, miljømessige og sosiale faktorane som ligg til grunn for mennesket si helse, for utvikling av sjukdom og skade, og for samspelet mellom desse faktorane:

- Tileigna seg framtidsretta og formålstenlege metodar for diagnostikk, behandling og førebygging av sjukdom innan det medisinske fagområdet:

- Utvikla ein kritisk vitskapleg tenkjemåte, og ei medviten tilnærming til forskingsresultat:

- Vere merksam på dei avgrensingane som ligg i metodar som legevitskapen nyttar seg av, og forholdet mellom det teknisk moglege og det menneskelege ønskelege:

- Utvikla evna til å reflektere over etiske problemstillingar, og kunne møte menneske som treng deira råd og tenester på ein ansvarleg og respektfull måte.

Oppbygging

Medisinstudiet i Bergen er det einaste i Noreg som har eit markert skilje mellom preklinikk og klinikk.

 

I den første avdelinga, preklinikken, er hovudvekta lagt på grunnleggjande kunnskap om menneskekroppen. Det første semesteret er sett saman av emna examen philosophicum, medisinsk nomenklaturlære, biomedisinsk basalblokk og klinisk seminarrekke. I det første året er det ein god del fellesundervisning for studentar i medisin, ernæring, farmasi og odontologi.

 

Undervisning i faga kjemi, biokjemi, cellebiologi, cellefysiologi og molekylærbiologi er samordna i biomedisinsk basalblokk. I dei siste seks vekene av første studieår følgjer studentane kurs i makroanatomi. Organblokkundervisninga, som er organisert i emna nevrobiologi, anatomi, organbiokjemi og fysiologi, tek for seg oppbygginga og funksjonane til dei forskjellige organa i kroppen.

 

I tillegg les du medisinsk nomenklatur (latin), medisinsk statistikk, medisinsk etikk, vitskapsteori og examen philosophicum, og følgjer medisinsk seminarrekkje.

 

Mellom dei to avdelingane tek halve kullet ein «valtermin» på eitt semester. Bakgrunnen for valterminen er at kullet på 150 studentar blir delt i to før den kliniske undervisninga tek til. I valterminen kan du velje om du ønskjer å reise til utlandet på utveksling, studere andre fag, ta ei studiepause, eller søkje om å få godkjent eit fagleg opplegg som du kan søkje støtte til frå Lånekassen.

 

I den andre avdelinga, som blir kalla den kliniske delen av studiet, blir du undervist i praktisk legearbeid samtidig med at det blir gitt teoretisk undervisning. I klinikken legg vi spesielt vekt på pasientretta undervisning i smågrupper. I tillegg til Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen blir delar av den kliniske undervisninga gitt på sjukehusa i Førde, Haugesund og Stavanger. I det siste studieåret blir du utplassert hos allmennpraktiserande legar i fire veker.

Innan det femte studieåret er slutt, skal du skrive ei særoppgåve. Formålet med denne oppgåva er å vise at du meistrar ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmetode, at du kan bruke data- og litteratursøk innanfor det medisinske fagfeltet, og vise at du kan uttrykkje deg skriftleg.

 

1. avdeling - den prekliniske delen av studiet (2 år):

1. studieår:

  • Ex.phil., medisinsk nomenklatur-lære
  • Biomedisinsk basalblokk, samordna klinisk veke-forelesing
  • Medisinsk statistikk, etikk, vitskapsteori
  • Kurs i makroanatomi

2. studieår:

Nevrobiologi, anatomi, organbiokjemi, fysiologi, samordna klinisk vekeforelesing

2. avdeling - klinisk og paraklinisk studium (4-4½ år):

3. studieår:

  • Valtermin for B-kullet i haust-semesteret
  • Grunnkurs klinikk, indremedisin og kirurgi blokk 1 og blokk 2, samt radiologi
  • Allmennmedisin og epidemiologi
  • Paraklinisk blokk 1 og 2*

4. studieår:

  • Augesjukdomar, auge-/nase-/hals-sjukdomar
  • Hud- og veneriske sjukdomar, nevrologi
  • Genetikk, geriatri, onkologi, revmatologi, fysikalsk medisin, paraklinisk blokk 3
  • Desentralisert ** undervisning i kirurgi og indremedisin

5. studieår:

  • Paraklinisk blokk 4, psykiatri, åtferdsfag
  • Medisinsk etikk, klinisk statistikk, klinisk genetikk, pediatri, obstetrikk og gynekologi
  • Desentralisert** undervisning i pediatri, psykiatri og obstetrikk/ gynekologi
  • Trygdemedisin/ reseptlære, særoppgåve

6. studieår:

  • Administrativ medisin, allmennmedisin
  • Førebyggjande medisin, sosialmedisin, arbeidsmedisin
  • Internasjonal helse, temaveke, radiologi, rettsmedisin
  • Indremedisin og kirurgi blokk 4

* I dei parakliniske blokkene blir det undervist i faga klinisk biokjemi, farmakologi, patologi, mikrobiologi, immunologi.

** Desentralisert undervisning ved sjukehusa i Førde, Stavanger og Haugesund i til saman 15 veker.

Utveksling

Det medisinsk-odontologiske fakultet samarbeider med mange ulike lærestader om studentutveksling. På medisinstudiet skjer utveksling i hovudsak innanfor faste nettverk som Nordplus og Sokrates/Erasmus, og gjennom ein eigen avtale med Lübeck. Det er knytt stipendordningar til alle utvekslingsavtalene.

Å organisere utveksling tek tid, og det er derfor lurt å ta kontakt med fakultetssekretariatet på eit tidleg stadium.

Yrkesvegar

Før du kan bli autorisert som lege, må du ha til saman 1½ år legeteneste (turnusteneste) på sjukehus og i kommunehelsetenesta etter fullført medisinstudium. Som lege kan du arbeide på sjukehus eller som fastlege i primærhelsetenesta. Du kan også bli forskar eller lærar.


Forkunnskaper


 

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 2FY + 3KJ.

Poenggrense ved siste opptak

Primærvitnemål: 62,3
Ordinær kvote: 71,5

Poenggrensa vil kunne variere frå år til år.



Studiepoeng


cirka 360 studiepoeng

Påmelding
Medisinstudiet
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook