Høgskole: Lindrande behandling, pleie og omsorg 1
Høgskulen i Sogn og FjordaneDette lærer du
Menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast, vil ha trong for både behandling, pleie og omsorg. Denne vidareutdanninga tek mål av seg til å dekkje deler av dette komplekse fagfeltet.
Sentrale tema: den alvorleg sjuke og døyande, symptomlindring, kommunikasjon og eige rolle som hjelpar.
Utdanninga er eit samarbeid mellom kreftforeningen, Kompetansesenteret i Lindrende behandling, Helse Vest og Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Oppbygging av studiet
Deltidsstudium over eitt år.
Det vil bli nytta varierte arbeidsmåtar som førelesningar, seminar, sjølvstudium, arbeidskrav, gruppearbeid og refleksjonsgrupper.
Forkunnskaper
- Treårig helse- eller sosialfagleg utdanning frå høgskule / universitet. Eitt år relevant klinisk erfaring etter fullført utdanning.
- Søkjarar med anna høgskule- eller universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering.
Studiepoeng
15
Lindrande behandling, pleie og omsorg 1
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!