Universitet: Bachelorprogram i Europastudiar
Universitet i Bergen
Fagleg innhald
Bachelorprogrammet i europastudiar er sett saman av fag frå historie, samanliknande politikk og sentrale europeiske språk som engelsk, tysk, fransk, italiensk og russisk. Gjennom studiet skal du få spesifikk kunnskap om og innsikt i historie, politikk, kultur og samfunnstilhøve i Europa. Emna blir drøfta frå fleire perspektiv med hovudvekt på politiske institusjonar (EU) og kulturelle prosessar i dagens Europa. Behovet for kunnskap om Europa og europeiske institusjonar er stort, særleg på bakgrunn av den europeiske integrasjonsprosessen og internasjonaliseringsprosessen. Etter to semester med fellesemne kan du sjølv velje retning, noko som gir rom for spesialisering i høve til eigne faglege interesser.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i europastudiar sett saman på følgjande måte: - Innføringsemne (til saman 30 studiepoeng) - Fellesemne (30 studiepoeng) og valemne (30 studiepoeng) - Spesialisering (til saman 90 studiepoeng) Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld to obligatoriske emne og eit valemne. Innføring i europeisk historie og politikk tek sikte på å gi deg ei historisk oversikt over idear og førestellingar om Europa frå antikken til 1945, i tillegg til å presentere hovudtrekka i europeisk politisk historie etter andre verdskrig og hovudtrekka i utviklinga av den europeiske unionen. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål knytt til kunnskap, moral, språk, tolking og logikk. Valemne: - Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. - Innføring i samfunnsvitskapleg tenkjemåte skal gi deg ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Vi rår til at du vel emne etter kva for spesialisering du planlegg å ta. Fellesemna er utvikla spesielt for dette programmet og har ein tverrfagleg profil. Europeiske kulturar skal gi deg innsikt i ulike aspekt ved sentrale nasjonale kulturar i Europa, både i eit historisk perspektiv og ut frå dagens kulturpolitiske situasjon. Det siste fellesemnet tek blant anna for seg emne som busetnad, kulturregionar, byutvikling, næringar og næringsutvikling, infrastruktur og inn- og utvandring. Valemna hentar du frå faga som inngår i programmet eller godkjende fag frå utanlandske institusjonar. Du som ikkje skal ta spesialiseringa di i eit språkfag blir rådd til å studere eit språk i valsemesteret. Tilfredsstillande meistring av eit framandspråk krev normalt meir enn eitt semesters studium, og ein tilrår derfor sterkt spesialisering i eit av framandspråka. Du vel sjølv kva fag du vil spesialisere deg i. Bachelorprogrammet i europastudiar kan sjå slik ut med spesialisering i tysk (1) eller samanliknande politikk (2): SemesterEmnenamnEmnekodeSp1. Examen philosophicum sp = studiepoeng
Innføring i europeisk historie og politikk
Valemne
EUR10110
10
102. Fellesemne: Europeiske kulturar
Fellesemne: Europa etter 1945:
Ressursar, demografi, økonomi EUR102
EUR10315
153. 1: Valemne: Oversikt og fordjuping eldre historie
2: Valemne: Utanlandsopphald 304. 1: Spesialisering: eksempel tysk
2: Spesialisering: eksempel europeisk politikk 305. 1: Spesialisering: eksempel tysk
2: Spesialisering: eksempel europeisk politikk 306. 1: Spesialisering: eksempel tysk m/utanlandsopphald
2: Spesialisering: eksempel europeisk politikk 30
Førstesemesterstudiet
Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld to obligatoriske emne og eit valemne. Innføring i europeisk historie og politikk tek sikte på å gi deg ei historisk oversikt over idear og førestellingar om Europa frå antikken til 1945, i tillegg til å presentere hovudtrekka i europeisk politisk historie etter andre verdskrig og hovudtrekka i utviklinga av den europeiske unionen. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål knytt til kunnskap, moral, språk, tolking og logikk. Valemne: -Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. - Innføring i samfunnsvitskapleg tenkjemåte skal gi deg ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Vi rår til at du vel emne etter kva for spesialisering du planlegg å ta.
Utveksling
Bachelorprogrammet i europastudiar har ein avtale om delstudium i utlandet med Jagiellonian University i Krakow, Polen. Her kan studentane velje mellom ei rekkje ulike kurs med Europa som tematikk. Undervisninga blir gitt på engelsk. Elles har Universitetet i Bergen mange utvekslingsavtaler i Europa, og opphald ved eit europeisk universitet blir tilrådd. Dette kan gjerast i valsemesteret eller som ein del av spesialiseringa. Val av studium bør gjerast i samråd med studierettleiaren.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i europastudiar kan kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Europa er etterspurt. Yrkesvala vil variere etter kva fordjupingar og emnekombinasjonar du vel. Bachelorprogrammet gir solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Du blir godt skikka til å handtere store informasjonsmengder, og til munnleg og skriftleg presentasjon av ulikt slag. Dessutan blir du flink til å setje deg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider. Ved påbygging til mastergrad vil du bli kvalifisert til vidare studium, forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Vidare studium
Programmet kan kvalifisere for opptak til masterstudium i det faget du har spesialisering i. Du kan velje spesialisering innan fagområda under. Historie Samanliknande politikk Engelsk språk og kultur Fransk språk og kultur Italiensk språk og kultur Russisk språk og kultur Du treng ikkje forkunnskapar før du startar studiet. Eit to månaders opphald ved Det norske universitetssenter i St. Petersburg inngår i studiet. Tysk språk og kulturSpesialisering
Spesialisering i europisk historie inneheld oversiktsemne og fordjupingsemne innan eldre og nyare historie, og spesielle tema for programmet.
Du tek føre deg emne innan samanliknande politikk, som utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system og endringar over tid står sentralt.
Engelsk er morsmålet i Storbritannia og i Irland. Spesialiseringa gir deg grunnleggjande innføring i engelsk språk, britisk litteratur og kultur og samfunnstilhøve i Storbritannia. Du får vidare øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til engelskfaget.
Fransk er morsmålet i Frankrike og i delar av Sveits og Belgia. Fransk er arbeidsspråket i ei rekkje internasjonale organisasjonar. Spesialiseringa i fransk gir deg gode kunnskapar i språket i tillegg til kjennskap til litteratur og kultur.
Italiensk kultur har spelt ei grunnleggjande rolle for Europa og for resten av verda. I dagens Europa er Italia stadig eit viktig land, både kulturelt, politisk og økonomisk.
Russisk er eit av dei største verdsspråka og eit av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane. Russisk kultur, særleg litteratur, er ein viktig del av den felleseuropeiske kulturarven.
Språket speler ei viktig rolle innan europeisk kultur, samfunnsliv og politikk. Som følgje av auka europeisk samarbeid og av den sentrale stillinga Tyskland har i denne utviklinga, er kunnskap om tysk og om det tyskspråklege området svært nyttig. I tillegg er Tyskland ein av våre viktigaste handelspartnarar.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Spesialisering i fransk, tysk eller italiensk krev kompetanse i desse språka tilsvarande minst nivå 2 frå vidaregåande skole med godt resultat. For spesialisering i engelsk tilrår vi engelsk som studieretningsfag Vg2 og Vg3 med godt resultat. Viktig: Studentar utan nødvendige forkunnskapar i desse språkfaga må skaffe seg dette på eiga hand før dei tek til med dei aktuelle språkstudia.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i Europastudiar
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!