Universitet: Bachelorprogram i antikke studiar
Universitet i BergenFagleg innhald
Den greske og romerske sivilisasjonen har spelt ei sentral rolle i den vesteuropeiske sjølvforståinga frå mellomalderen til i dag. Vesteuropeisk kulturhistorie kan ikkje studerast isolert frå kulturane i den antikke verda. Formålet med studiet er å gi deg tverrfagleg innsikt i kulturane kring Middelhavet frå ca. 1000 f.Kr. til 500 e.Kr. ved å kombinere emne frå dei klassiske språka (gresk og latin), klassisk arkeologi, historie, kunsthistorie, religionsvitskap og filosofi. Det vil vere stor valfridom mellom emne frå dei einskilde faga, noko som gir rom for ei viss spesialisering i for eksempel religion, historie, arkeologi, kunst eller filosofi. I bachelorprogrammet kan du ta kurs ved dei norske institutta i Athen og Roma.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i antikke studiar skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., 30 studiepoeng med obligatoriske programemne og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor eitt av programfaga eller ein godkjend fagkombinasjon. I tillegg kjem 30 frie studiepoeng. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål i samband med kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Det siste emnet er eit val mellom anten språk og kommunikasjon eller tekst og kultur. Studentar på dette programmet blir rådde til å velje tekst og kultur, eit emne som gir ei oversikt over mangfald og samanheng mellom faga i programmet og liknande fagområde. Det andre semesteret er felles for alle studentar på programmet, og skal gi ei generell innføring i antikkens religion og historie. Emnet antikkens verd formidlar basiskunnskapar frå dei enkelte fagdisiplinane (arkeologi, filosofi, gresk, historie, latin, kunsthistorie og religion) retta inn mot kulturhistorisk kartlegging av antikken. Saman med dette emnet skal du studere eit innføringsemne i anten gresk eller latin. Etter dette, i tredje, fjerde og femte semester, skal du studere det faget du vil velje som spesialisering. I det sjette og siste semesteret vil du få høve til å studere ved dei norske institutta i Roma og Athen. Eit bachelorprogram i antikke studiar kan da sjå slik ut: 1. semester: ex.phil. og ex.fac. 2. semester: innføringsemne om antikkens verd i kombinasjon med innføring i latin eller innføring i gresk. 3. semester: to spesialiseringsemne. 4. semester: eitt obligatorisk emne og eitt spesialiseringsemne. 5. semester: to spesialiseringsemne eller eitt spesialiseringsemne og eitt valfritt emne. 6. semester: opphald ved dei norske institutta i Roma og Athen eller valfrie emne.
Førstesemesterstudiet
Førstesemesterstudiet skal forberede deg fagleg og metodisk til vidare studiar. Studiet inneheld tre emne. Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar: Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål knytta til kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Det siste emnet er eit val mellom Språk og språkvitskap og Tekst og kultur. Studentar på dette programmet vert rådde til å velje Tekst og kultur, som gir deg ei oversikt over mangfald og samanheng mellom faga ved fakultetet
Utveksling
Eit studieopphald ved dei norske institutta i Athen og Roma kan inngå i studiet. Det er lagt til det sjette semesteret. Elles er det mogleg å reise ut på andre av UiB sine utvekslingsavtaler.
Yrkesvegar
Bachelorprogrammet i antikke studiar kan kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om kunst, historie og kultur er etterspurd. Yrkesvala vil variere etter kva fordjupingar og emnekombinasjonar du vel. Bachelorprogrammet gir solide allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Du blir godt skikka til å handsame store informasjonsmengder og til å gi munnlege og skriftlege presentasjonar. Dessutan blir du flink til å setje deg inn i nye problemfelt og til å sjå og analysere saker frå fleire sider. Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i antikke studiar kan kvalifisere for opptak til masterstudium i det faget du har spesialisering i.
Du kan velje mellom spesialisering i desse faga: Arkeologi - ein studerer korleis menneska gjennom tidene har tilpassa seg naturtilhøve og økologi, korleis dei har skaffa seg noko å leve av og korleis dei har utvikla samfunnsformer. Filosofi - kva kan ein vite om verda, og korleis kan ein vite det? Kan vi stole på sansane våre? Filosofien søkjer svar på grunnleggjande spørsmål om kunnskap, verda og tinga i verda, samfunnet og oss sjølve. Gresk - det viktigaste kulturspråket i antikken. Gresk filosofi, vitskap og litteratur har framleis avgjerande innverknad på europeisk tenking. Historie - ein studerer menneske, kultur og samfunnstilhøve i historisk perspektiv, frå antikken og fram til i dag. Historie er faget om fortida til menneska. Latin - det dominerande vitskaplege og litterære språket i Vest-Europa frå antikken og fram til det 17. hundreåret. Kunsthistorie - ved å studere kunsthistorie får du ei generell innføring i kunsten frå antikken og fram til vår tid. Disiplinane som står i fokus er måleri, skulptur, arkitektur og kunsthandverk. Religionsvitskap - eit historisk og systematisk studium av religion som kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og samanliknande tilnærming er ein del av studiet.Spesialisering
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i antikke studiar
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!