Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Historie > Bachelorprogram i historie- og kulturfag

Universitet: Bachelorprogram i historie- og kulturfag

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
3 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.

Fagleg innhald

Felles for faga som inngår i programmet, er at dei er studium av kultur i vid forstand. I historisk perspektiv og samtidsperspektiv og frå ulike innfallsvinklar prøver faga å forstå mennesket som eit sosialt og kulturskapande vesen ved å granske litteratur, historie, kunst, idear og livsformer. Historie- og kulturfag omfattar historie, arkeologi, filosofi, kulturvitskap, religionsvitskap og humanistisk informatikk. Du kan velje mellom alle desse faga som spesialisering i programmet. Dei frie emna som inngår, kan vere henta frå andre fag i programmet, andre fag ved UiB, eller frå ei anna høgare utdanning i inn- eller utland.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i historie- og kulturfag er eit fritt program. Det inneber at du i stor grad sjølv kan setje saman fag og emne som passar dine faglege mål. Programmet skal innehalde 30 studiepoeng (1 semester) med innføringsemne, medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering. Du vel spesialiseringa blant dei faga som inngår i programmet. Dei siste 60 studiepoenga vel du fritt. Faglege interesser eller yrkesplanar bør styre vala dine. Mange vel dei frie emna blant andre fag som inngår i programmet. Det er også vanleg å kombinere med språkemne eller samfunnsfag. Nokre vil velje meir utradisjonelt og kombinerer kulturstudier med fag frå jus eller økonomi.

Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne:

- Akademisk skriving gir deg teoretisk innføring og praktisk øving i å lese og produsere akademiske tekstar.

- Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk.

- Tekst og kultur gir deg ei oversikt over mangfald og samanheng mellom dei ulike faga i programmet og liknande fagområde.

Etter det vel du sjølv i kva rekkjefølgje du vil ta emna - om du vil byrje med spesialiseringa eller valemna. Dersom du er usikker på korleis du skal setje saman fag og emne, kan du få hjelp til dette hos studierettleiaren. Oversikt over emnetilboda ved UiB finn du på: studere.uib.no

Tabellen viser korleis graden skal byggjast opp. Kvart semester skal innehalde emne på til saman 30 studiepoeng. Rekkjefølgja mellom valemne og spesialiseringsemne kan endrast.

1. semester Innføringsemne 2. semester To spesialiseringsemne 3. semester To spesialiseringsemne 4. semester To valemne 5. semester To valemne 6. semester Dei to siste emna frå spesialiseringa

Døme på oppbygging med spesialisering i kulturvitskap.

1. semester Ex.phil., akademisk skriving og valfritt innføringsemne 2. semester Spesialisering: to emne frå kulturvitskap 3. semester Spesialisering: to emne frå kulturvitskap 4. semester Val: to emne, for eksempel emne innan tysk språk og litteratur 5.semester Val: utveksling, for eksempel religionsstudium i Tyskland 6. semester Siste del av spesialiseringa, to emne frå kulturvitskap

 

Utveksling

Du kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innanfor spesialiseringane i programmet, eller for å studere fagemne som UiB ikkje tilbyr. Du vel i samråd med studierettleiaren.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i historie- og kulturfag gir allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar. Avhengig av fagval og annan kompetanse kan du arbeide med formidlings- og informasjonsarbeid, undervisning, sakshandsaming, i kultursektoren og i organisasjonar. Du må ta mastergrad dersom du vil ha meir spesialisert kompetanse, til dømes som historikar, arkeolog, kulturvitar, religionsvitar eller filosof. Med ein mastergrad vil du få fleire yrkesmoglegheiter.

Vidare studium

Programmet kan kvalifisere for opptak til masterstudium i det faget du har spesialisering i. Kombinerer du to skolefag i bachelorgraden, kan du søkje opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (lærarutdanning).

 

Spesialisering

Du kan velje spesialisering innan fagområda under. For meir informasjon om emna som inngår i dei ulike faga, sjå studere.uib.no/historie

  

Historie
I spesialiseringa inngår to oversiktsemne, eitt i eldre historie og eitt i nyare historie, tre fordjupingsemne og ei bacheloroppgåve. Faget gir ei oversikt over fortida til menneska og korleis menneskelege samfunn har endra seg. I tillegg til innsikt i «dei store linjene» kan du kombinera dette med nærstudium av spesielle problemfelt. Du lærer meir om korleis historikaren arbeider, og korleis ulike metodiske og teoretiske tilnærmingar påverkar tolkinga av og kunnskapen om fortida. Du lærer deg også å formidle historie til andre.

  

Arkeologi
Arkeologifaget prøver å forstå korleis menneska gjennom tidene har tilpassa seg naturtilhøve og økologi, korleis dei har skaffa seg noko å leve av og korleis dei har utvikla samfunnsformer. I spesialiseringa inngår seks emne. Det første året gir ei grunnleggjande innføring i arkeologi. Det siste semesteret vel du eit emne som gir grundigare innføring i korleis arkeologane arbeider (teori og metode) og eit emne der du sjølv vel tema og skriv ei oppgåve.

  

Filosofi
Filosofistudiet i Bergen omfattar eit breitt spekter av filosofiske hovudområde. Ein som alltid spør om kva, kvifor og korleis, har mykje å gjere på filosofi. I studiet skal du øve opp evna til å lese og analysere filosofiske originaltekstar, øve opp evna til å ta del i aktuelle filosofiske diskusjonar, og få eit oversyn over filosofiske problemstillingar og standpunkt. I spesialiseringa inngår seks emne. I det siste semesteret skal du velje mellom fleire alternative studieområde.

  

Kulturvitskap
I dette faget lærer du å forstå mennesket som kulturberande og kulturskapande vesen. Sentrale emne har vore folkelege idear og forteljartradisjonar, materielle og sosiale sider ved folkekulturen, samt overgangen til det moderne samfunnet og dei kulturformene som finst der. I dag er byen eit like viktig studieemne som landsbygda. Notida er like sentral som fortida, og bodskapen som moderne medium formidlar, er eit like interessante forskingsfelt som bodskapen i eldre tradisjonar. I spesialiseringa inngår seks emne.

  

Religionsvitskap
Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Faget grip inn i ei rekkje samfunnstilhøve, noko som også kan sjåast i emna for undervisning og forsking: religion i høve til politikk, menneskerettar, kultur, internasjonale relasjonar, modernitet, humor, kjønn, vald osv.
I spesialiseringa inngår seks emne.

  

Humanistisk informatikk
Humanistisk informatikk er eit fag i skjeringsfeltet mellom informasjonsteknologi og dei humanistiske faga. Innanfor faget blir det blant anna forska på dataspel, taleteknologi, tekstprosessering, blogging, hypertekstar og informasjons- og kommunikasjonsteknologi i forhold til ulike emne som etikk, kjønn og læring. Faget gir undervisning i ei rekkje emne. I spesialiseringa er to av emna obligatoriske, og du skal ha seks emne til saman.

 




Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.



Studiepoeng


180 Studiepoeng



Påmelding
Bachelorprogram i historie- og kulturfag
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook