Universitet: Integrert lektorutdanning med master i nordisk
Universitet i BergenNorskfaget står heilt sentralt i skolen og er eit utfordrande og samansett undervisningsfag. I dette femårige programmet les du nordisk språk og litteratur og eitt anna undervisningsfag som du vel sjølv. Gjennom integrering av didaktiske og pedagogiske element blir du oppmoda til å reflektere over faget og korleis ein kan formidle det, men den reint faglege delen av studiet er elles stort sett felles med andre studentar utanfor programmet. Det første semesteret skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium, og inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. Emnet Innføring i pedagogikk medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing til sjølve lærarutdanninga.
Det første studieåret er delt mellom eit språkleg og eit litterært studium. Du øver opp språkleg medvit ved å studere både den historiske utviklinga til nordiske språk og korleis moderne språk er strukturert. Litteraturundervisninga gir deg innblikk i norsk og nordisk kulturhistorie og fremjar historisk og kulturelt medvit og refleksjon i møte med sentrale forfattarskap og ulike sjangrar. På høgare nivå (frå tredje semester) får du høve til å spesialisere deg i sjølvvalde faglege emne og skrive ei semesteroppgåve under rettleiing. I det tredje semesteret legg vi særleg vekt på integreringa av didaktiske element i det faglege arbeidet.
På mastergradsnivå går den faglege og den praktisk-pedagogiske opplæringa parallelt, men du har stor fridom og kan sjølv velje i kva grad du vil integrere didaktiske perspektiv i det faglege studiet. Interesse for språket ligg til grunn for heile studiet, og vi legg vekt på rett og god språkføring i alle eksamens- og heimeoppgåver.
Fag- og emnevalg
Gjennom studiet vil du støyte på mange ulike val. Eit viktig val er kva du skal velje som fag 2, som er det andre faget du skal kunne undervise i etter avslutta utdanning. På universitetet blir det gitt undervisning i ei rekkje fag som også er skolefag. Du kan velje blant engelsk, fransk, tysk, spansk språk og latinamerikastudiar, historie og religionsvitskap. På studiet i nordisk vil du også gjere val ut frå dine faglege interesser. På lågare nivå må du lese både språklege og litterære emne, mens du på mellom- og mastergradsnivå har større høve til å følgje eigne spor og velje anten språkleg eller litterær spesialisering.
Oppbygging
Studiet er sett saman av mindre emne. Dei tre første åra inneheld innføringsemne, tre semester med nordisk språk og litteratur, og to semester i støttefaget du vel. Her får du grunnleggjande kunnskap innan desse to faga. Kvart semester vil det også bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i det tredje og femte semesteret blir det arrangert skolebesøk i ei veke. Pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjette og åttande semesteret.
Første studieår
Examen philosophicum, Innføring i pedagogikk, innføringsemne:
språk og kommunikasjon
Emne i nordisk språk og litteratur
Andre studieår
Emne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag
Skolebesøk
Tredje studieår
Spesialiseringsemne i nordisk språk og litteratur, emne i støttefag
Pedagogikk, fagdidaktikk og skolebesøk
Fjerde studieår
Prosjektførebuande emne i nordisk språk eller litteratur
Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis
Femte studieår
Masteroppgåve
Førstesemesterstudiet
Førstesemesterstudiet skal førebu deg fagleg og metodisk til vidare studium. Studiet inneheld tre emne. Examen philosophicum gir deg ei innføring i sentrale spørsmål som gjeld kunnskap, moral, venleik, språk, tolking og logikk. Språk og kommunikasjon gir deg eit teoretisk og praktisk grunnlag for vidare språkstudium. PEDA111 medverkar til å skape ein identitet som framtidig lærar, samstundes som det gir ei førebuing på sjølve lærarutdanninga.
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ om du vil ta litt av utdanninga i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Om du ønskjer studieopphald i utlandet som ein del av lærarutdanninga, bør det leggjast til det sjette semesteret.
Universitetet i Bergen vil leggje til rette for utanlandsopphaldet og syte for at det blir ein integrert del av utdanninga di.
Yrkesvegar
Lektorutdanninga med master i nordisk kvalifiserer for tilsetjing i grunnskolen (mellom- og ungdomssteget) og i vidaregåande skole. Utdanninga vil gi deg grunnlag for undervisning i norsk og det faget du vel som fag 2.Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
300 studiepoeng.
Integrert lektorutdanning med master i nordisk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!