Universitet: Masterprogram i historie
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Det vil vere gode høve for utanlandsopphald, og vi er innstilte på å finne fleksible ordningar for deg som vil reise ut. Emna i kursdelen er strukturerte slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva. Dei gir innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem og aktuelle teknikkar. Val av emne varierer etter kva tema som blir valt for masteroppgåva. Kvart semester tilbyr vi fleire ulike masterseminar som speglar tidsperiodar og forskingsfelt ved instituttet.
1. semester
- HIS 301 - Historisk forskingslitteratur (15sp) (obligatorisk emne)
- HIS 302 - Historisk teori og metode eller (15sp)
(HIS 305 - Historie- og samfunnsfag i undervisning
og formidling. (Samfunnsfagdidaktikk I)) (15 sp)
2. semester
- HIS 303 - Forskingsproblem og kjeldearbeid (15sp) (obligatorisk emne)
- HIS 304 - Teknikkar i historiefaget (15sp) eller
(HIS 306 - Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk. (Samfunnsfagsdidaktikk II)) (15sp)
3. og 4. semester
HIS 350 - Masteroppgåve (60 sp)
sp= studiepoeng
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på studium av historiske kjelder og/eller historisk forskingslitteratur. Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi deg djupare innsikt i teori og metode innanfor historieforsking. Ho skal også gi deg ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, i tillegg til innføring i eige vitskapleg arbeid. Alle masterstudentar ved instituttet har rett til individuell rettleiing. Du får tildelt ein rettleiar tidleg i det første semesteret. Rettleiaren vil vere ein vitskapleg tilsett i historie.Metode
Forskingsmetodane innanfor historiefaget er mangfaldige og varierte, avhengig av problemstillingar, kjeldemateriale og teoretisk tilnærming. Instituttet ønskjer å leggje til rette for at du skal kunne tileigne deg kompetanse innanfor ulike metodar tilpassa ditt eige forskingsprosjekt.Yrkesvegar
Masterprogrammet kvalifiserer til stillingar der det er relevant med realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefaget sine forskingsmetodar (for eksempel i skoleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media og offentleg administrasjon).
Forkunnskaper
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget. Sjå studere.uib.no/master-hf for meir om opptakskrav.
Studiepoeng
120 Studiepoeng
Masterprogram i historie
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!