Universitet: Masterprogram i kunsthistorie
Universitet i BergenOppbygging av studiet
Studiet er sett saman av obligatoriske og valfrie emne. Dei obligatoriske emna er KUN350 Masteroppgåve og KUN311 Prosjektførebuing. Dei valfrie emna er KUN301 Kunsthistorisk vitskapshistorie, KUN302 Kunsthistoriske tolkingsstrategiar, KUN321 Seminarinnlegg og KUN322 Områdestudium med ekskursjon. Merk likevel at alle masterstudentar i kunsthistorie må velje minst eitt av seksjonen sine eigne teorikurs på masternivå (KUN301 og KUN302). Førehandsgodkjende mastergradsemne ved dei norske institutta i Athen og Roma kan inngå i studiet.
Andre valfrie emne kan godkjennast etter søknad. Eit masterprogram i kunsthistorie kan sjå slik ut:
Valfritt emne:
KUN301 - Kunsthistorisk vitskapshistorie
eller andre godkjende emne15 sp
15 sp2. sValfrie emne:
KUN302 - Kunsthistoriske tolkingsstrategiar
og/eller
KUN321 - Seminarinnlegg og/eller
KUN322 - Områdestudium med ekskursjon
og/eller andre godkjende emne
15 sp
15 sp3. og 4. sKUN350 - Masteroppgåve60 sp
s=semester sp=studiepoeng
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvalt emne i kunsthistorie og vere godkjend av rettleiaren. Arbeidet med masteroppgåva er ein rettleidd prosess som går over fleire semester.Metode
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis nytte vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid meining. Eigne kurs i kunsthistorisk vitskapshistorie (KUN301) og kunsthistoriske tolkingsstrategiar (KUN302) inngår i studiet.
Yrkesvegar
Masterprogrammet i kunsthistorie kvalifiserer både for vidare forsking, undervisning i skoleverket og kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar. I tillegg kan vi nemne kulturjournalistikk og informasjonsarbeid, samt kunst- og kulturminneforvalting på sentralt og lokalt plan.
Opptaksgrunnlag
Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i kunsthistorie på minst 90 studiepoeng. Du kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå nærliggjande fagområde eller frå fag som støttar opp om kjeldestudiet i kunsthistorie. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.
Forkunnskaper
Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Studiepoeng
120 Studiepoeng.
Masterprogram i kunsthistorie
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!