Høgskole: Bachelor i turisme og reiseliv
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Vi har to profileringsretningar, Marknadsføring og kundekontakt og Opplevingsturisme.
I Sogndal vert du student midt i hjartet av eit av verdas fremste reisemål - Sognefjorden!
Dette lærer du
Grunnleggjande reiselivskunnskap, marknadsføringsfag og økonomisk-administrative fag
Å bruke fagkunnskap i realistiske arbeidssituasjonar
Å samarbeide med aktørar innan reiselivsnæringa.
Oppbygging av studiet
Studiet er basert på forelesingar og oppgåveløysing individuelt og i grupper.
Ekskursjonar, bedriftsbesøk og besøk av gjesteforelesarar frå næringa utgjer ein del av undervisninga
I siste halvdel av studiet vel du anten Marknadsføring og kundekontakt eller Opplevingsturisme
Studentar som vel Opplevingsturisme, vil få delta på turar, ekskursjonar og aktivitetar i natur- og kulturlandskapet.
Etterpå...
Du kan for eksempel jobbe med:
- Markeds- og salsansvar i små/mellomstore reiselivs-føretak, organisasjonar og reisemålsselskap
- Utvikling, tilrettelegging eller rådgiving knytt til natur- og kulturbaserte aktivitets- og opplevingsprodukt i reiselivet
- Mellomleiar eller avdelingsleiar i små/mellomstore reiselivsføretak, reisemålsselskap og –organisasjonar
- Konsulent/rådgjevar/assistent i private selskap, offentleg sektor eller eige føretak som arbeider med reiseliv
- Studiet gjev grunnlag for opptak til ulike masterutdanningar ved andre institusjonar i inn- og utland
Visste du at...
Du kan ta delar av studiet i utlandet
Du kan ha kompetansegjevande praksis i næringa
Studentar som ønskjer det, kan setje saman ein fri bachelorgrad i reiseliv ved å velje fag frå profileringsretningane og andre studium i 4.– 6. semester.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse / realkompetanse
Varighet
3 år
Studiepoeng
180
Bachelor i turisme og reiseliv
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!