IT-kurs
IT kompetanse
Du har valgt: IKT kurs
Nullstill
Filter
Ferdig

-

3 treff i IKT kurs

Sorter på søkerangering, kursnavn, pris, sted, kursdato


Bergen 3 år
På forespørsel
Studiet gir kompetanse i alt frå bruker- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. [+]
Bachelorprogrammet i IKT kombinerer matematisk-naturvitskaplege informatikkfag med samfunnsvitskaplege IKT-fag og gir ein moderne, tverrfagleg IKT-kompetanse som er spesielt tilpassa behova i næringslivet og forvaltinga. Studiet gir kompetanse i alt frå bruker- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Du vil få erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktisk øving og prosjektoppgåver. Oppbygging Det første semesteret i bachelorprogrammet tek du 30 studiepoeng med innføringsemne. Du må ta grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100), grunnkurs i programmering (programmering 1) (INF100) og ex.phil. Vidare inneheld programmet 95 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne. Studiet består av emne i informasjonsvitskap og informatikk. 55 studiepoeng er valfrie emne. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet: Grunnkurs i programmering (programmering 1) Grunnkurs i informasjonsvitskap Vidaregåande programmering (programmering 2) Algoritmar, datastrukturar og programmering Datamaskiner og operativsystem Brukargrensesnitt Datanett Prosjekt i systemutvikling Innføring i databasehandsaming Informasjonssystem Diskrete strukturar Du kan velje inntil 55 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap. Bachelorprogrammet i IKT kan da sjå slik ut: 1. s Grunnkurs i programmering (programmering 1) (10 sp) Grunnkurs i informasjons-vitskap (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Vidaregåande programmering (programmering 2) (10 sp) Diskrete strukturar (10 sp) Informasjonssystem (10 sp) 3. s Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 sp) Innføring i databasehandsaming (10 sp) Prosjekt i systemutvikling (10 sp) 4. s Datamaskiner og operativsystem (10 sp) Datanett (10 sp) Funksjonell webdesign (10 sp) s = semester, sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i IKT vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det tredje semesteret i programmet. Yrkesvegar Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, f.eks. med utvikling og drift i IKT-avdelingane i private og offentlige verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, utvikling av ny teknologi samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren. Vidare studium Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogramma i informasjonsvitskap og informatikk. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga. [-]
Les mer
Bergen 3 år
På forespørsel
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. [+]
  Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Faget utforskar forholdet mellom teknologien og dei menneska som skaper og nyttar seg av kunnskapen og informasjonen. Informasjonsvitskap studerer dermed korleis handsaming av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT f.eks. kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk og internett. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskap er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy. Sidan kunnskap, informasjon og data er sentrale element i all forsking, er informasjonsvitskapen også til hjelp innanfor andre fagområde. I dei andre samfunnsvitskapane blir det nytta informasjonsvitskaplege metodar til for eksempel organisering, forvalting og analyse av store datamengder, som i nokre tilfelle også er generert av informasjonssystem gjennom simulering. Både humanistiske og andre samfunnsvitskaplege fag dreg nytte av informasjonsvitskapen, blant anna i samband med organisering og analyse av tekstar, bilete, lyd og video. Oppbygging Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. Vi rår deg til å studere emna grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Programmet inneheld også 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor informasjonsvitskap eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Til å begynne med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne. Alle emna i informasjonsvitskap har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet: Systemutvikling Databasehandsaming Objektorientert programmering Informasjonssystem Formelle metodar for informasjonsvitskap Du kan dessutan velje mellom emne som tek føre seg: Multimediahandtering Interaksjonsdesign Programutvikling Kunstig intelligens Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Du kan f.eks. ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium så lenge desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di. Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap vil da sjå slik ut: Første semester Ex.phil. (10 sp) INFO100 (10 sp) SV100 (10 sp) 1½ år Spesialiseringsfag i informasjonsvitskap, 90 sp 1 år Frie fagemne, 60 sp TOTALT: 180 studiepoeng (3 år) sp = studiepoeng Utveksling Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for informasjons- og medievitskap vil utvikle tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden. Yrkesvegar Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan f.eks. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket. Vidare studium Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap. Masterprogrammet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nivå. Studiet utviklar både evna til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til IKT-forsking under rettleiing. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag for yrkeslivet.     [-]
Les mer
Bergen 1 år
På forespørsel
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. [+]
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Faget fokuserer på forholdet mellom teknologien og menneske som skaper og bruker kunnskapen og informasjonen. Informasjonsvitskapen studerer dermed korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk eller Internettet. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskapen er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy. Oppbygging Eit årsstudium i informasjonsvitskap består av 60 studiepoeng. Studiet har oppstart kvart haustsemester og går over to semester. I haustsemesteret er det to variantar, ein for studentar som har examen philosophicum, og ein for dei som ikkje har det, mens vårsemesteret er felles for begge variantane. ALTERNATIV 1:   1.semester: - EXPHIL - INFO100 - INFO122 2. semester -INFO111 -INFO102 -INFO132   ALTERNATIV 2: 1.semester: -INFO121 -INFO161 2. semester -INFO111 -INFO102 -INFO132    Vidare studium Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er systemutvikling, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ei bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre allereie avslutta studium.       [-]
Les mer