Universitet: Bachelorprogram i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
Universitet i BergenBachelorprogrammet i IKT kombinerer matematisk-naturvitskaplege informatikkfag med samfunnsvitskaplege IKT-fag og gir ein moderne, tverrfagleg IKT-kompetanse som er spesielt tilpassa behova i næringslivet og forvaltinga. Studiet gir kompetanse i alt frå bruker- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Du vil få erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktisk øving og prosjektoppgåver.
Oppbygging
Det første semesteret i bachelorprogrammet tek du 30 studiepoeng med innføringsemne. Du må ta grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100), grunnkurs i programmering (programmering 1) (INF100) og ex.phil. Vidare inneheld programmet 95 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne. Studiet består av emne i informasjonsvitskap og informatikk. 55 studiepoeng er valfrie emne. Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet: Du kan velje inntil 55 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap. s = semester, sp = studiepoeng
Bachelorprogrammet i IKT kan da sjå slik ut:
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i IKT vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det tredje semesteret i programmet.
Yrkesvegar
Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, f.eks. med utvikling og drift i IKT-avdelingane i private og offentlige verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, utvikling av ny teknologi samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren.
Vidare studium
Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogramma i informasjonsvitskap og informatikk. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!