Universitet: Bachelorprogram i informasjonsvitskap
Universitet i Bergen
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Faget utforskar forholdet mellom teknologien og dei menneska som skaper og nyttar seg av kunnskapen og informasjonen. Informasjonsvitskap studerer dermed korleis handsaming av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT f.eks. kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk og internett. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskap er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy. Sidan kunnskap, informasjon og data er sentrale element i all forsking, er informasjonsvitskapen også til hjelp innanfor andre fagområde. I dei andre samfunnsvitskapane blir det nytta informasjonsvitskaplege metodar til for eksempel organisering, forvalting og analyse av store datamengder, som i nokre tilfelle også er generert av informasjonssystem gjennom simulering. Både humanistiske og andre samfunnsvitskaplege fag dreg nytte av informasjonsvitskapen, blant anna i samband med organisering og analyse av tekstar, bilete, lyd og video.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap skal innehalde minimum 20 og maksimum 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil. Vi rår deg til å studere emna grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100) og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar (SV100) i tillegg til ex.phil. det første semesteret. Programmet inneheld også 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering innanfor informasjonsvitskap eller ein godkjend fagkombinasjon. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag. Til å begynne med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne. Alle emna i informasjonsvitskap har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Du kan dessutan velje mellom emne som tek føre seg: Dei siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er frie studium, som det ikkje vert stilt krav til samansetjinga av. Du kan f.eks. ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet eller andre samfunnsvitskaplege fag. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium så lenge desse emna ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di. Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap vil da sjå slik ut: sp = studiepoeng
Utveksling
Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for informasjons- og medievitskap vil utvikle tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.
Yrkesvegar
Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan f.eks. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skoleverket.
Vidare studium
Bachelorprogrammet i informasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i informasjonsvitskap. Masterprogrammet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nivå. Studiet utviklar både evna til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til IKT-forsking under rettleiing. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag for yrkeslivet.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i informasjonsvitskap
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!