Universitet: Bachelorprogram i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



Bachelorprogrammet i IKT kombinerer matematisk-naturvitskaplege informatikkfag med samfunnsvitskaplege IKT-fag og gir ein moderne, tverrfagleg IKT-kompetanse som er spesielt tilpassa behova i næringslivet og forvaltinga. Studiet gir kompetanse i alt frå bruker- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Du vil få erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy gjennom praktisk øving og prosjektoppgåver.

Oppbygging

Det første semesteret i bachelorprogrammet tek du 30 studiepoeng med innføringsemne. Du må ta grunnkurs i informasjonsvitskap (INFO100), grunnkurs i programmering (programmering 1) (INF100) og ex.phil. Vidare inneheld programmet 95 studiepoeng med spesialisering i IKT-faglege emne. Studiet består av emne i informasjonsvitskap og informatikk. 55 studiepoeng er valfrie emne.

Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:

  • Grunnkurs i programmering (programmering 1)
  • Grunnkurs i informasjonsvitskap
  • Vidaregåande programmering (programmering 2)
  • Algoritmar, datastrukturar og programmering
  • Datamaskiner og operativsystem
  • Brukargrensesnitt
  • Datanett
  • Prosjekt i systemutvikling
  • Innføring i databasehandsaming
  • Informasjonssystem
  • Diskrete strukturar

Du kan velje inntil 55 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre fag eller fleire emne frå informatikk eller informasjonsvitskap.


Bachelorprogrammet i IKT kan da sjå slik ut:

1. s Grunnkurs i programmering (programmering 1) (10 sp) Grunnkurs i informasjons-vitskap (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Vidaregåande programmering (programmering 2) (10 sp) Diskrete strukturar (10 sp) Informasjonssystem (10 sp) 3. s Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 sp) Innføring i databasehandsaming (10 sp) Prosjekt i systemutvikling (10 sp) 4. s Datamaskiner og operativsystem (10 sp) Datanett (10 sp) Funksjonell webdesign (10 sp)

s = semester, sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i IKT vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det tredje semesteret i programmet.

Yrkesvegar

Studiet kvalifiserer for arbeid i IKT-bransjen, f.eks. med utvikling og drift i IKT-avdelingane i private og offentlige verksemder. Aktuelle arbeidsoppgåver er utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, utvikling av ny teknologi samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogramma i informasjonsvitskap og informatikk. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga.



Forkunnskaper


Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ.



Studiepoeng


180 Studiepoeng





Be om gratis info
Bachelorprogram i informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere