Kursguide
Utdanning
Søk

kurs > Italienskkurs > Masterprogram i italiensk

Universitet: Masterprogram i italiensk

Universitet i Bergen

Form
Klasserom

Varighet
2 år

Deltid
Nei

Heltid
Ja

Nivå
Universitet


Bookmark and Share
Dette kurset har ikke oppført noen dato for studiestart. Bruk skjemaet under for å kontakte leverandør for nærmere informasjon.
Masterprogrammet i italiensk har som mål å gi kunnskapar på høgt nivå i italiensk språk og italiensk litteratur. Masterprogrammet skal gi høve til spesialisering i språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg retning, og siktar mot å utvikle ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innanfor dei vitskaplege disiplinane i faget. Masterprogrammet har som føresetnad at den munnlege og skriftlege dugleiken i italiensk språk stadig blir utvida med basis i kjennskap til den italienske kulturen i notid og fortid.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i italiensk er normalt eit fulltidsstudium på fire semester som femner om ein kursdel på til saman 60 studiepoeng og ei masteroppgåve som også er på 60 studiepoeng.

Eit masterprogram i italiensk kan sjå slik ut:

1. semester:
ITAL301 - Italiensk språkhistorie og omsetjing, 15 studiepoeng
ITAL302 - Italiensk litteraturhistorie og tekststudium, 15 studiepoeng

2. semenster:
ITAL303 - Italiensk valemne *, 15 studiepoeng
ITAL304 - Italiensk teoriemne, språkleg eller litterært, 15 studiepoeng

3. og 4. semester:
ITAL350 - Masteroppgåve, 60 studiepoeng

* For eksempel LINGMET eller LITTEHF

Masterprogrammet i italiensk ved UiB har ein sterkt internasjonalisert profil, og studentane blir oppmuntra til å ta eit utanlandsopphald i løpet av studiane.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit vitskapleg prega arbeid som du utfører under rettleiing. Omfanget av oppgåva, som skal skrivast på italiensk, varierer normalt mellom 70 og 110 sider. Temaet for oppgåva skal fastsetjast i samråd med rettleiaren din og kan vere henta frå italiensk lingvistikk eller litteratur. Det kan også vere oppgåver innan omsetjing eller med eit tverrfagleg preg. Du har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt.

Metode

Masterprogrammet i italiensk skal gi innsikt i sentral lingvistisk og litteraturvitskapleg metode. I masteroppgåva vel du å spesialisere deg i språk, litteratur eller kultur, og emnet for oppgåva er avgjerande for metoden du nyttar deg av.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i italiensk gir deg ein god bakgrunn for undervisningsoppgåver på mange nivå, og det er teikn som tyder på at italiensk som framandspråk kjem til å bli meir populært i den vidaregåande skolen. Studiet er også relevant for arbeid både i offentlege og private verksemder og organisasjonar der kunnskap om italiensk kultur, historie og samfunn er etterspurt. Studiet gir kjennskap til italiensk litteratur og teoretisk litteraturkunnskap. Dette er relevant i formidling av litteratur for eksempel i forlag, tidsskrift og media. Vidare kan masterstudiet i italiensk vere relevant for arbeid på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar, for eksempel i sektorar som media, reiseliv, kunst, kultur, omsetjing og eksportretta verksemd. Masterprogrammet i italiensk er også eit utgangspunkt for forskarutdanning innanfor
italiensk lingvistikk og litteraturvitskap.



Forkunnskaper


Masterprogrammet byggjer normalt på ein bachelorgrad med spesialisering (90 studiepoeng) i italiensk. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, kan dette etter fagleg vurdering bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Opptakskrav

Fagleg minstekrav er gjennomsnittskarakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. I fall det er fleire søkjarar til eit program enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.

Studiepoeng


120

Påmelding
Masterprogram i italiensk
Start her
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons

Felt som er merket med * må fylles ut
Dato og sted *

Firma

Eventuell referanse

Telefon *

Faks

Fakturaadresse *

Postnummer *

Poststed *

Ønsker bekreftelse per




Kursdeltakere


Deltaker 1

Navn *

E-post *



Kommentarer og spørsmål



Number: 1+2 *
Send Påmelding til Kursholder

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg






 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!


Anbefalinger fra andre brukere



Kursguiden skaffer deg flere kursdeltakere!

Synlig for flere hundre tusen relevante brukere.

På Internett siden 2000!

Formidlet kurs for mer enn 100 millioner siden oppstart.

Synlig også på FINN.no, Proff.no, Zett mfl.

Egen admin og trafikkstatistikk!




Følg oss på Facebook