Universitet: Bachelorprogram i journalistikk

Universitet i Bergen

Klasserom3 årHeltidUniversitet
Start Sted Språk
Ta kontakt Bergen Norsk



 

I eit moderne mediesamfunn skal ein uavhengig journalistikk få fram maktkritisk informasjon og bidra til at samfunnsborgarar kan delta aktivt i samfunnslivet. Dette journalistikkstudiet har som mål å setje deg i stand til å innfri slike krav i yrkeslivet. Det skal gi grunnlag for ein sjølvreflekterande, kritisk og genremedviten journalistikk. Studiet relaterer seg til den pågåande digitaliseringa og konvergensen på mediefeltet, og er følgjeleg tverrmedialt innretta mot så vel audiovisuelle medier og nettmedier som trykte medar. Dette inneber ulike typar samarbeid med bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier.

Dei utfordringane som digitalisering og konvergens inneber, både for journalistrolla og media sitt samfunnsoppdrag, blir også tematisert i studiet. Generelt vil studiet vere prega av at det går føre seg i tilknyting til mangfaldig og aktiv forsking på journalistikk, media, kultur og informasjonsteknologi. Som universitetsstudium vil det dessutan gi ei fagleg forankring utover den spesifikt medie- og journalistfaglege gjennom valfrie og/eller tilrådde emne.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i journalistikk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng (1½ års studium) med spesialisering, inkludert 30 studiepoeng med praksisperiode og gjennomføring av avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve). Studiet består av medie- og journalistikkfaglege emne og fleire praktisk retta kurs. Studiet krev derfor aktiv deltaking i undervisninga.

Følgjande emne inngår i bachelorprogrammet:

  • Journalistrolla. Ein introduksjon
  • Teknisk grunnkurs journalistikk
  • Reportasjejournalistikk
  • Journalistisk metode
  • Journalistisk etikk
  • Introduksjon til media og kommunikasjon
  • Nyheitsproduksjon
  • Praksis i medie- eller informasjonsverksemd
  • Portrett og dokumentar

Du kan velje inntil 60 studiepoeng fritt frå andre fag. Dette kan f.eks. vere studium frå utanlandske universitet, emne frå andre samfunnsvitskaplege fag, eller fleire medievitskaplege eller informasjonsvitskaplege emne.

 

Bachelorprogrammet i journalistikk kan da sjå slik ut:

 

1. s Journalistrolla. Ein introduksjon (10 sp) Introduksjon til media og kommunikasjon (10 sp) Ex.phil. (10 sp) 2. s Teknisk grunnkurs journalistikk (5 sp) Nyheits-produksjon
(10 sp) Reportasjejournalistikk (15 sp) 3. s Portrett og dokumentar (10 sp) Journalistiske metodar (10 sp) Journalistisk etikk (10 sp) 4. s Val blant tilrådde spesialiseringsalternativ, ev. delstudium i utlandet (15 sp) Val blant tilrådde spesialiseringsalternativ, ev. delstudium i utlandet (15 sp) 5. s Val blant tilrådde spesialiseringsalternativ, ev. delstudium i utlandet (15 sp) Val blant tilrådde spesialiseringsalternativ, ev. delstudium i utlandet (15 sp) 6. s Praksis i medie- eller informasjonsverksemd (15 sp) Bacheloroppgåve i journalistikk (15 sp) TOTALT: 180 studiepoeng (3 år)

s = semester sp = studiepoeng

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, mellom høvesvis nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet i Bergen har i tillegg samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda. På bachelorprogrammet i journalistikk vil du få tilbod om utanlandsopphald som kan bli ein integrert del av graden. Delstudium i utlandet er lagt til det fjerde og femte semesteret i programmet.

Yrkesvegar

Bachelorgraden i journalistikk kvalifiserer deg for ei lang rekkje journalistiske og mediefaglege yrkesoppgåver i alle medium. Studiet vil også kvalifisere for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentleg sektor. Utdanninga er særleg tilpassa dagens store teknologiske endringar.

Vidare studium

Bachelorprogrammet kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i medievitskap. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrkje analytiske evner og metodisk kompetanse. Det blir lagt stor vekt på eigeninnsats i form av skriftleg arbeid, oppgåveskriving og aktiv deltaking i undervisninga.

Studiepoeng


180 Studiepoeng



Be om gratis info
Bachelorprogram i journalistikk hos Universitet i Bergen
Felt som er merket med * må fylles ut
Ønsket valuta *
Dato og sted *
Kursdeltakere
Hvor mange? (Gavekort)
Kampanjekoden er korrekt og rabatt er lagt til.
Fant ingen kampanje. Skrev du kampanjekoden riktig?
Kampanjekode er korrekt, men kampanjen gir ikke bedre pris enn nåværende kampanje.
Deltaker {{$index+1}}
Filen ble lastet opp
Filen ble fjernet
Laster opp... {{item.upload_progress}}%
{{ file.file.name }} Fjern
{{total_price | fprice}} kr {{currency}}
{{total_price-total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_with_discount | fprice}} kr {{currency}}
{{total_vat | fprice}} kr {{currency}}
X

MVA per produkt:

{{arr[1]}}
Betalingsmåte *
Number: 1+2 *
Vennligst rett opp følgende og forsøk igjen
{{errors_msg}}
Sender...
Vent til opplasting av fil er ferdig

Dette skjemaet er 100% sikkert.
Universitet i Bergen vil snart kontakte deg



 

Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet

Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!



Anbefalinger fra andre brukere