Universitet: Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk
Universitet i Bergen
Dette programmet passar for deg som ønskjer å bli realfagslærar i den vidaregåande skolen (ev. ungdomsskolen). Læraryrket er eit givande og utfordrande yrke, og vil det vere behov for mange nye realfagslærarar i skolen framover.
Programmet er samansett av fagstudium i matematikk, fysikk, kjemi og/eller biologi, og praktisk-pedagogisk utdanning.
Den praktisk-pedagogiske utdanninga omfattar pedagogikk, fagdidaktikk i dine fag og praksisopplæring i skolen. I pedagogikk legg ein vekt på å utvikle gode læringsrelasjonar mellom menneske og set søkjelyset på kommunikasjon og sosialt samspel. Pedagogikken i den praktisk-pedagogiske utdanninga tek særleg sikte på å gi heilskapleg kunnskap om og forståing for arbeidet i skolen. I fagdidaktikken ser ein nærare på korleis ein lærer og underviser det enkelte faget og problemstillingar og teoriar knytte til dette, for eksempel korleis ein lærer matematikk og kvifor bruke elevøvingar i kjemi. Praksis gjennomførast i ungdomsskole og vidaregåande skole.
Kva fag som inngår i ditt studium avheng av kva for ei studieretning du vel. Det er mange studieretningar å velje mellom, men innanfor den enkelte studieretninga er valfridommen derimot liten.
Programmet gir deg grunnlag for undervisning i to fag i den vidaregåande skolen, samt naturfag i dei fleste studieretningane. Studiet vert avslutta med ei masteroppgåve i det faget du har mest fordjuping i. Dette inneber at du skaffar deg både brei og djup fagleg bakgrunn for undervisning i skolen.
Oppbygging
I alle studieløp inngår:
- 60 studiepoeng praktisk-pedagogisk utdanning
- minst 80 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i
- minst 60 studiepoeng i det andre faget som inngår i studieretninga di
- ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve.
- praksis i skolen
Fag- og emneval
Studieløp og fagsamansetjing i programmet er avhengig av kva for ei studieretning du vel. Du kan velje mellom sju ulike retningar:
1. matematikk og fysikk, med masteroppgåve i matematikk eller fysikk
2. matematikk, fysikk og naturfag, med masteroppgåve i fysikk
3. matematikk, naturfag og eit anna realfag, med masteroppgåve i matematikk
4. kjemi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i kjemi
5. biologi, matematikk og naturfag, med masteroppgåve i biologi
6. kjemi, biologi og naturfag, med masteroppgåve i kjemi
7. biologi, kjemi og naturfag, med masteroppgåve i biologi
Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Den praktisk-pedagogiske delen av programmet vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.
Førstesemesterstudiet
I det første semesteret tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, examen scholae og eit innføringsemne i matematikk. Du vel anten brukarkurs i matematikk eller grunnkurs i matematikk. Dette er avhengig av kva kunnskapar du har i matematikk frå før og av fagkombinasjonen du har tenkt å velje. Du som har teke eitt eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du kan ta ved semesterstart.
Utveksling
Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di. Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må studenten ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).
Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).
Tilrådde forkunnskapar
For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga i studieretninga.
Studiepoeng
300
Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!