Universitet: Bachelorprogram i kjemi
Universitet i BergenKjemi er læra om stoffa som alle ting er bygde opp av, om strukturen til desse stoffa, eigenskapane deira og kvar dei finst. Faget er svært viktig for å kunne forstå den fysiske verda, både tinga i dagleglivet, naturen og store delar av det teknisk baserte næringslivet vårt, og passar for deg som likar både konkrete og abstrakte utfordringar. Eksempel på kjemiske problemstillingar kan vere utvikling av nye og betre medisinar eller avanserte material, oljeutvinning eller analyse av matvarer og vassprøver. Kjemistudiet gir teoretisk forståing og praktisk kompetanse innan alle hovudområde av kjemien. Arbeid på laboratoriet gir erfaring med moderne laboratorieteknikkar og utstyr. Du kan kombinere kjemistudiet med teknisk/matematisk orienterte fag eller med meir deskriptive naturfag som geologi og biologi ut frå dine eigne interesser. Målet for bachelorgraden er å gi ei brei innsikt i kjemifaget som kan nyttast både som førebuing til arbeidslivet og som grunnlag for vidare studium i kjemi eller tilstøytande fag.
Oppbygging
Bachelorprogrammet i kjemi inneheld 90 studiepoeng spesialisering (1½ års studium) innan kjemi eller ein godkjend fagkombinasjon. Dei resterande 90 studiepoenga inkluderer ex.phil. samt valfrie fag.
I det første semesteret av studiet tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit emne i kjemi (valt ut frå bakgrunn i kjemi frå tidlegare). Du som har teke eit eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du skal ta ved semesterstart.
Det finst to ulike vegar, avhengig om du har 3KJ (eller tilsvarande) frå vidaregåande utdanning (studieveg 1), eller om du ikkje har ein slik bakgrunn (studieveg 2).
Du som har 3KJ-bakgrunn, startar studiet med ex.phil., eit innføringsemne i matematikk og emnet kjemi og energi. Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og natur. Det er laboratoriekurs i dette emnet.
I det andre semesteret er det fokus på organisk kjemi. Det blir blant anna gitt ei generell oversikt over dei grunnleggjande stoffklassane, deira oppbygging, eigenskapar, viktigaste framstillingsmåtar og reaksjonar. Dette vil bli nytta i laboratoriekurset organisk syntese og analyse.
I det tredje semesteret tek du emna kjemien til grunnstoffa og kjemisk termodynamikk. I kjemien til grunnstoffa blir grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar studerte i forhold til plasseringa deira i det periodiske systemet. Spesielt blir det lagt vekt på typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske sambindingar. Vidare inngår oppbygging av og eigenskapar til sambindingane. Uorganiske sambindingar sine roller i miljø og industri samt metallion si naturlege rolle i biologiske system blir også gjennomgått. Kjemisk termodynamikk inneheld ein grundig gjennomgang av termodynamikken sine lover, samt utvalde emne innan elektrokjemi og reaksjonskinetikk. Emnet omhandlar blant anna kjemisk likevekt, faselikevekter, fasediagram (overgangar mellom gass, væske og faste stoff), eigenskapane til væskeblandingar, og oppløysing av stoff i væsker.
I det fjerde semesteret tek du emnet syntetisk uorganisk kjemi. Dette er eit laboratoriekurs, som byggjer på kunnskapar frå emna kjemien til grunnstoffa og kjemisk termodynamikk.
Valemna er vidaregåande emne i kjemi kombinert med for eksempel molekylærbiologi, biologi, fysikk, informatikk eller matematikk. Du står delvis fritt når det gjeld val av desse emna.
I studieveg 2 er det lagt inn eit ekstra innføringsemne i kjemi (kjemi i naturen).
Studieveg 1
6. semester
Kjemival/Val
5. semester
Val
4. semester
Syntetisk uorganisk kjemi
Val
3. semester
Kjemien til grunnstoffa
Kjemisk termodynamikk
Val
2. semester
Organisk kjemi
Organisk syntese og analyse
Basisfag
1. semester
Ex.phil.
Matematikk
Kjemi og energi
Studieveg 2
6. semester
Kjemival
Val
Val
5. semester
Val
Val
Val
4. semester
Organisk syntese og analyse
Syntetisk uorganisk kjemi
Val
3. semester
Kjemien til grunnstoffa
Kjemisk termodynamikk
Val
2. semester
Kjemi og energi
Organisk kjemi
Basisfag
1. semester
Ex.phil.
Matematikk
Kjemi i naturen
«Basisfag» kan vere fag som matematikk, statistikk, informatikk og fysikk. «Kjemival» er emne innan molekylærbiologi eller kjemi.
Førstesemesterstudiet
I det første semesteret av studiet tek du tre emne, kvart på 10 studiepoeng. Desse emna er examen philosophicum, eit innføringsemne i matematikk og eit emne i kjemi (valt ut frå bakgrunn i kjemi frå tidlegare). Du som har teke eit eller fleire av desse emna tidlegare, vil få informasjon om kva emne du skal ta ved semesterstart.Utveksling
Du kan bruke valfridommen i programmet til eit utanlandsopphald. Vi har i dag avtaler med fleire universitet i Tyskland, Skottland, Irland og England. Her kan du ta eit delstudium som blir integrert i graden din. For kjemistudentar med interesse innan miljøkjemi finst det gode emne om forureining og radioaktivitet i arktiske strøk samt om polar atmosfærekjemi ved Universitetsstudia på Svalbard (UNIS).
Yrkesvegar
Med kjemiutdanning vil du blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar:
Kjemisk industri, petroleumsindustri, matvareindustri, helsesektor, forsking, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting
Vidare studium
Bachelorprogrammet i kjemi gir grunnlag for vidare studium av kjemiske fenomen og prosesser i naturen innan:
- organisk kjemi
- uorganisk kjemi
- fysikalsk kjemi
- molekylær modellering
- biomolekylær kjemi
- kjemometri
- miljøkjemi
- molekylærbiologi
- nokre retningar innan geovitskap
- reservoarkjemi
- andre realfaglege retningar
På fleire av desse masterprogramma er det mogleg å velje ei masteroppgåve som er teknologisk orientert.
Forkunnskaper
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha realfagskravet.
Studiepoeng
180 Studiepoeng
Bachelorprogram i kjemi
100% sikkert skjema
Tar ett minutt å fullføre
Hurtig respons
Åpen deltakerdiskusjon om kurset eller emnet
Del gjerne din erfaring eller tanker om dette kurset eller temaet med andre!